Derfor må politiet vera nært

Det som skjer med politiet i desse dagar, vil endre kva slags politi vi har i landet vårt for all framtid. Senterpartiet ønskjer å bevare nærpolitiet, og var derfor mot den såkalla nærpolitireforma som regjeringa la fram og som stortingsfleirtalet vedtok i fjor.

Namnet «nærpolitireforma» er ikkje eit ærleg namn på reforma, for avstandane vil bli mykje større mellom innbyggjarar og politi mange stader. Det vi får framover er eit politi som er oftare på hjul, og som vi gjerne kan kalle meir av eit utrykkingspoliti. Vi går meir bort frå det nære og førebyggjande, og den nyttige lokalkunnskapen og den viktige kjennskapen mellom politiet og folk i lokalsamfunna er noko som vil gå tapt. Vi må derfor spørje oss sjølv om vi er på rett veg.

Regjeringa og politibyråkratane iOslo ser ut for å ha ei blind tru på at politireforma er løysinga for norsk politi. Eg er langt frå overtydd om at sentralisering er rette resepten. Gjørv-kommisjonen, som vart sett ned etter 22. juli-terroren, peika på kultur og leiing i politietaten som noko av det viktigaste som ein måtte gripe fatt i. Ei sentraliserande strukturreform er ikkje svaret på dette. Politireforma gir nok inntrykk av handlekraft, men tener samtidig til å tilsløre dei faktiske problema som finst.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Kollaps truer svensk rettssystem

Eg er – akkurat som leiarane i politiforbunda i Norden – uroa for at Noreg er i ferd med å gjera same feilen som våre naboland.Sverige hadde dei same målsettingane som Noreg då dei gjennomførte ei politireform nyleg. Resultatet vart i staden eit veksande byråkrati, mindre synleg politi og store problem med å handtere kriminaliteten. Kvifor skal vi gå i same fella? Vi burde heller lære av naboane våre. Og det er enno ikkje for seint å snu.

Senterpartiet meiner atvi sørgjer best for ei god polititeneste ved å styrke det lokale politiet. Vi må sikre at dei har nok ressursar til å utføre viktige samfunnsoppgåver. Det er all grunn til å protestere mot den komande nedlegginga av mange lensmannskontor og dei påfølgjande større avstandane mellom politiet og innbyggjarane. Protesterer mange tydeleg, slik som somme lokalsamfunn har gjort i form av fakkeltog for lensmannskontoret sitt, kan det i beste fall føre til at resultatet blir mindre sentralisering enn det regjeringa og stortingsfleirtalet opprinneleg såg for seg.