Den som har fått mykje, blir det venta mykje av

Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) er i hardt vér om dagen. Som dei fleste nok har fått med seg, handlar det ikkje om uvér på fiskebankane, men om ramsalt kritikk fordi han søkte om etterløn frå heimkommunen etter at han i november byrja som statssekretær i regjeringa.

Samtidig har Dagbladet avslørt at Sivertsen, som vart utnemnd som fiskeriminister sist månad, fekk dobbel løn då han både jobba som ordførar i den no avvikla Lenvik kommune og som statssekretær i regjeringa frå 4. november. Og som om ikkje dette var nok, skriv VG og Aftenposten at han har fått full godtgjersle for fylkestingsverv etter at han byrja som statssekretær og seinare fiskeriminister.

Måndag morgon vedgjekk han overfor NRK at han har handla feil. Han har reist hjem til Senja for å rydde opp, og han har søkt om permisjon fra fylkestingsvervet i Troms og Finnmark. Så vil tida vise om stormen stilnar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

SV har stilt spørsmål til statsministeren om ho har tillit til fiskeriministeren. Kommentator Elin Ørjasæter meiner fiskeriministeren bør gå. Med NAV-skandalen friskt i minnet, meiner ho vi ikkje kan leve med at staten skriv ut strengare straff når Jørgen Hattemaker gjer feil, enn når Kong Salomo tabbar seg. Tvert om burde ein stille høgare krav til den som er vist tillit og har fått stor makt, argumenterer ho. Det er eit synspunkt vi har sympati med. Ja, faktisk er det eit godt bibelsk prinsipp: «Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir», står det i Skrifta.

I forrige veke var det ein avgått pinseleiar som måtte svare på kritiske spørsmål frå Stavanger Aftenblad, etter at han hadde tent 1,4 millionar på salet av eit husvære han hadde kjøpt rimeleg av eit eldre medlem i forsamlinga hans. Dagleg leiar i pinserørsla, Ingunn E. Ulfstein, uttala til Aftenbladet at det ikkje er akseptabelt for leiarar i rørsla å ta i mot noko som gir betydeleg, personleg vinst.

For både pinseleiaren og fiskeriministeren er det garantert krevjande å vere i stormens sentrum. Slik det nok også var for stortingspolitikarar som i seinare tid har erkjent å ha levert falske reiserekningar, etter avsløringar i Aftenposten. Men samtidig kan det faktum at kritikkverdige tilhøve blir oppdaga og omtalt, verke førebyggjande for andre som kjenner seg freista til å utnytte system og posisjonar til eiga vinning.

Difor må vi tru at folk flest verdset at vi har medier som tek den ofte tidkrevjande jobben med å sjekke bilag og rekneskap og halde politikarar, industrileierar – og kristenleiarar ansvarlege. Det er dette som er pressa si viktigaste rolle: Å vere vaktbikkje og avsløre maktmisbruk.

At pressa har fridom til å utføre denne rolla, er eit av dei fremste teikna på at vi er eit fungerande demokrati. I regimer der pressa blir knebla, er korrupsjon og utnytting av posisjonar til eiga vinning, ofte resultatet, med øydeleggande konsekvensar for samfunnet.

På den andre sida, må mediene syte for å halde sin eigen sti rein, slik pressa sine eigne etiske normer, Ver varsam-plakaten, pålegg oss. Blant anna ved å sjå til at den som blir kritisert, får svare på kritikken, å legge vekt på saklegheit og omtanke i innhald og presentasjon, og å unngå førehandsdøming.