EKSPANSJON: «Sjølv om det er tilbakegang i vår del av verda, ekspanderer den kristne kyrkja veldig andre stader», skriv Jens Olav Mæland. Biletet er frå ei kyrkje i Nigeria.

Den kristne kyrkja på frammarsj

Der skjer ei veldig «innhausting» av menneske som kjem til tru når ein legg til grunn eit globalt perspektiv.

Mens den kristne kyrkja og trua er på vikande front i Europa, skjer det ein veldig ekspansjon i andre deler av verda, især i Afrika, Sør-Amerika og deler av Asia. Ei rekke forskingsinstitusjonar kan rapportere om dette, eksempelvisBarrett & Johnson og Evangelization Research Center. Dei har samla data over tid for å gje innsikt og oversikt over kva som skjer på det religiøse plan.

Med utgangspunkt i at verda si folkemengd er på 7,3 milliardar, utgjer dei kristne 2,3 milliardar. Muslimane utgjer 1,7 og Hindu-religionen 1,1. Resten fordeler seg på ikkje-religiøse, buddhistar, etniske religionar og andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her er litt av dei funna ulike forskarar kan presentera:

– 70.000 døyr kvar dag utan kjennskap til evangeliet om Jesus Kristus.

– Dei kristne utgjer 33 prosent av verda si folkemengd, men brukar 53 prosent av verda sine økonomiske ressursar – og brukar 98 prosent av eiga inntekt på seg sjølv!

– Det er 140.000 protestantiske misjonærar på verdsbasis, medan Norge har totalt om lag 600.

– 54 prosent av evangeliske kristne høyrer no til dei farga folkeslaga. For hundre år sidan høyrde berre om lag 10 prosent til dei farga folka.

– Ein reknar med at det siste året har 160.000 blitt martyrar på grunn av si tru.

– Kina er det landet der den kristne kyrkja veks raskast. I Kina blir 10.000 kristne kvar dag. Då protestantiske misjonærar forlot landet i 1946, var det én million kristne. No reknar dei kommunistiske myndighetene med at det er om lag 100 millionar. Ein meir nøktern reknemåte har eit estimat på vel 70 millionar.

– Trans World Radio si sending til Kina blei lasta ned av 500 tusen på ein månad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– I århundreskiftet (1900) var det én million karismatiske/pinsevennliknande kristne på verdsbasis; no reknar ein med 620 millionar.

– Det nye testamente er no oversatt til språk som kan lesast av 94 prosent av verdas befolkning.

– Den kristne radiostasjonen «Asia Gospel» (som sender på ulike asiatiske språk) får over én million tilbakemeldingar årleg.

– I 2009 kunne «Global Media Outreach» - som er ei grein av den kreative misjonsorganisasjonen «Campus Crusade for Christ» - melde om tilbakemelding frå 10 millionar som sa at dei hadde kome til aktiv tru gjennom deira internett-webside si teneste.

Konklusjonen må bli denne: Det skjer ei veldig «innhausting» av menneske som kjem til tru når ein legg til grunn eit globalt perspektiv. Sjølv om det er tilbakegang i vår del av verda, ekspanderer den kristne kyrkja veldig andre stader.