Dei som er fattige i ånda

Kva meinte Jesus med å vere fattig i ånda? Betyr det at ein er lite utrusta med evner? Er det berre dei som er litt dumme som trur på Gud?

Første saligprising: «Sæle er dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira» Matteus 5:3.

Kva meinte Jesus med å vere fattig i ånda? Betyr det at ein er lite utrusta med evner? Er det berre dei som er litt dumme som trur på Gud? Tvert om så seier Bibelen at det er dei som ikkje trur på Gud som ikkje er kloke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Dåren seier i sitt hjarte: Det finst ingen Gud.» Heile skaparverket viser at det er ein skapar som står bak. Det er sunn fornuft å tru på ein allmektig Gud som har større intelligens og makt enn oss menneske. Vi er ein del av eit byggverk som ei høgare makt står bak.

Å vere fattig i ånda kan vere at ein erkjenner at ein ikkje forstår alt. Som diktaren seier: «Vesle vitet strekk ikkje til. Ei tru må støtte opp under.» Når ein innser dette, så kan ein audmjuke seg og be ein høgare om hjelp. Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke får nåde. Dette kan vise menneska sin totale avhengigheit av Gud som skapar og frelsar. Kven Jesus meiner, gir evangelia sjølv det beste bildet av: Det er dei utstøytte, tollarar og syndarar som flokkar seg om Jesus og mottar hans velsigning. Paulus nemner noko liknande i sine brev. «Ikkje mange vise etter menneskelege mål og ikkje mange mektige eller av fornem slekt. Men det som går for å vera dårskap i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjere dei vise til skamme. Det som vert rekna som veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skamme.

Ja, det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, for at ingen menneske skal ha noko å vera stolte av for Gud.» Jesus seier også: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for dei vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, dette var din gode vilje.» Ved å velje å tru på Guds ord, så får vi Anden som forklarar det som har med Gud å gjere. Ved tru forstår vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. Å tru på heile Bibelen sjølv om ein ikkje forstår alt, er svært viktig for å kunne bli frelst. Den ugudelege kan bestemme seg for å vende seg bort frå sine tankar til Gud sine! Kva betyr det å vera sæl?

Ein har sagt det slik: «Sæl er å vera fullkome lykkeleg i hjartas innarste djup.» Å ha fred med Gud og menneske i eit godt samvit er svært verdifullt. Dei materielle tinga i denne verda kan ikkje tilfredsstilla sjela. Vi er arbeidsvandrarar og difor er det berre Gud som kan tilfredsstilla sjela. Sæl er den som har audmjuka seg og erkjent at han er ein syndar og har mottatt syndenes forlating. Det er dei som er fattige i ånda.