Dei beste bøkene

Ein mann som hadde lese uvanleg mykje, sa ein gong til meg: «Det kjem ut så mange gode bøker at ein kan ikkje lesa alle. Ein må berre lesa dei beste!» Det var ei godt råd, men den som er bokmeldar, kan ikkje velja fullt så selektivt. Når det gjeld kva bok som har gjort mest inntrykk, eller kva bok som er best, er det nesten uråd å svara på det. Bøkene er så ulike og i så ulike sjangrar, at dei knapt kan samanliknast. For siste året er det ikkje ei bok som skiljer eg ut, men det er fleire som eg gjerne vil løfta fram på nytt.

Her kan du lese flere anmeldelser fra bokåret 2015

Eit par av dei er kultur- og naturbøker. Den eine er om Dovrefjell og den andre om Jotunheim med fokus på Hurrungane. Den siste, «Frykt og jubel i Jotunheimen» av Sigri Sandberg, melde eg for få veker sidan, og konklusjonen var: «Eg har gått nokre turar i Hurrungane og områda rundt, men etter å ha lese denne boka må eg tilbake – og då må eg ha boka med meg! Ei flott bok for alle fjellinteresserte, og særleg alle med dragning Hurrungane og Skagastølstindane!»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den første, «Dovrefjell i tusen år» av Gro Steinsland, er ei stor og flott kulturhistorisk framstilling av alle sider ved Dovrefjell, og eg skeiv mellom anna:

«Denne boka om Dovrefjell har fokus på kongevegen og pilegrimsleia over fjellet, men i og med det får vi ei innføring i mangt og mykje som er langs veg og sti. Eg har etter kvart lese mange bøker med utgangspunkt i naturen og ulike landskapsområde, men denne trur eg overgår alle. Eg har kjørt over Dovrefjell nokre gonger, og eg har gått litt i fjellet der. Det var dumt at eg ikkje hadde lese denne bok før det, fordi her lærte eg mykje som eg ikkje viste om området når det gjeld natur-, kultur- og kyrkjehistorie. Den kunnskapen vi her får, gjer det meir interessant og fascinerande å ferdast både i bil og til fots.»

Jesu ættetavle

Ein heilt annan kategori bøker er dei som vi kallar «oppbyggelege». Slike kunne eg nemnt fleire av, men eg avgrensar meg til ei, fordi ho er oppbyggleg ut frå ein original innfallsvinkel: Jesu ættetavle! Det er Gary Chapman og Chris Fabry si bok «Guds overveldende nåde», som eg kommenterte slik: «Det er ikkje berre ein original idé å bruka Jesu ættetavle for å fram Guds nåde og kjærleik, men det er ein svært god idé. Det har vorte til ei god oppbyggingsbok som får fram Guds nåde på ein nær og konkret måte. Framstillinga er lett og til tider på grensa til det underhaldande, men det er samstundes seriøst og til ettertanke.»

Andre bøker er meir til ettertanke, anten på ei teologisk eller ideologisk plan. Ei bok som kombinerer dette er Kjell Skartveits bok «Staten og Gud», som er ei artikkelsamling med «refleksjoner rundt den sekulære staten». «Les og vert vis, les og vert utfordra», var min konklusjon. I denne kategorien høyrer også festskriftet til professor Arne Redse heime, «Misjon – tro – skole».

Bibelsyn

Til sist to danske bøker som eg finn svært aktuelle for vår tid. Den eine er av Claus L. Munk, «Frafallet – en aktuell trussel for oss alle». Munk er ein dansk forkynnar som var komen inn på fråfallets veg, men som kom på rett veg att. Boka er både personleg utfordrande og teologisk lærerik. Den andre i denne kategorien er «Bibelens syn på sig selv» av dr. theol Peter Olsen. Det er ei innføring i bibelsynet som vi absolutt treng i vår tid, og som eg vonar eit norsk forlag tek ansvar for å få omsett og utgjev også her på berget!