Biskopen og «gjestfrihetens prosjekt»

Dessverre framstår Den norske kyrkja i dag langt på veg som støttespelar for ulike venstrepopulistiske standpunkt. Som ein uavhengig person har Per Arne Dahl store oppgåver framfor seg.

Eg er blant dei mange som er skeptisk til at Den norske kyrkja stadig blandar seg inn i dagsaktuell politikk. Difor har eg stilt spørsmål til min gode biskop i Tunsberg, Per Arne Dahl, om han kan roe meg (og mange med meg) såpass at me framleis med godt samvit kan forsvare å stå som medlemer i statskyrkja.

Det svaret biskopen gjev, både i Hallingdølen, Drammens Tidende og Dagen, er sympatisk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han seier: «Det er verken biskopens eller kirkens oppgave å foreskrive de politiske løsninger på de alvorlige utfordringer vi står overfor. Dette er det våre politikere som er valgt til å gjøre.»

Sjølvsagt må kyrkja vise at ho lever i eit samfunn. Men ho skal primært fremja evangeliet, ikkje drive partipolitikk eller partspolitikk.

Det er logisk som biskopen seier, at Kyrkja skal halde fram føredømet frå Jesus Kristus som ei rettesnor, og at me i våre gudstenester ber for at alle med leiaransvar må få klokskap til å ta avgjerder som er til gode for menneska og «det norske samfunnet som helhet».

Ja, hadde det vore så vel at bispane hadde greidd seg med dei gode bønene og å formidle det fantastiske i Jesu lære til oss alle!

Men når dei geistlege stadig oftare vert ført ut i freisting og tek standpunkt i oljepolitikken, om utvinningstempo, og kvar det skal leitast etter olje eller ikkje; kritiserer USA for at dei utvinn olje «på feil måte»; støttar opp om aksjonen Klima 2013 (i kyrkjeleg regi!) som ved stortingsvalet åtvara folk mot å røyste H, Ap eller Frp; set dørene på vidt gap for flyktning- og asylindustrien utan i det heile å gå inn i dei komande konsekvensane for det norske samfunnet; vil at folk skal betala meir skatt og eta mindre kjøt; osv. – bør det reagerast.

I flyktning- og asylpolitikken er det tilnærma fritt fram, utan bremser og grenser. Per Arne Dahl tilslører elegant problema med dei vanskelege realitetane (statsfinansar, kulturskilnader, kvinneundertrykking, infiltrasjon, kriminalitet, velferdsstatens overlevingsevne m.m.) med honnørord som «gjestfrihet» og «verdighet» – og vips, så er problema borte og ordskiftet over!

Det er mindre sympatisk når Per Arne Dahl og andre biskopar, som seier seg å vera nøytrale, likevel driv med «moteriktig» kritikk av regjeringa og statsråd Sylvi Listhaug, som arbeider iherdig for å unngå at den enorme folkestraumen skal utvikle seg til ein nasjonal katastrofe.

I 2015 kom det over 31.000 til Noreg – ei svært samansett gruppe med forskjellig bakgrunn og ulike motiv. Åtti prosent er karar i ung alder, og nitti prosent er muslimar. Bispane overgår kvarandre i å hamre fast at dette er «flyktninger», og at alle forsøk på innstrammingar vil «bare råke de mest sårbare».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når bispane brukar den autoriteten som ligg i bispekåpa, er det mange kristne som trur at det som vert uttalt, representerer ei høgare form for innsikt og sanning.

Problemet er at mange biskopar gjev seg inn på nye område der dei ikkje har kompetanse. Økonomi har dei ikkje greie på. Når dei blir politisk varme, snur kappa etter tidens vindar, og alle med lyst til karriere let seg kverne ned til å meine det same, så slår dei hegemoniske haldningane inn i teologien, og me får etter kvart ein prestestand som er meir inspirert av partipolitiske prinsipprogram enn av Bibelen og den norske kulturarven.

Med slikt samfunnsengasjement blir det visst ikkje tid til å sjå på den muslimske og islamistiske frammarsjen i Europa med anna enn toleranse og applaus. Kva med initiativ for å stoppe utryddinga av dei kristne i Midtausten og jødeforfølgingar jorda rundt?

Dessverre framstår Den norske kyrkja i dag langt på veg som støttespelar for ulike venstrepopulistiske standpunkt. Som ein uavhengig person har Per Arne Dahl store oppgåver framfor seg.