Biskop Reinertsen og ekteskapet

Sjølv om Reinertsen tek spørsmålet frå meg på alvor, må eg erkjenna at dersom eg ikkje alt hadde vore utmeld av Den norske kyrkja (Dnk), ville biskopen sitt svar har verka i den retninga.

Korleis kan og vil han føra tilsyn med dei prestane som er for likekjønna «ekteskap», og som vigslar likekjønna par?

Sjølv om Reinertsen tek spørsmålet frå meg på alvor, må eg erkjenna at dersom eg ikkje alt hadde vore utmeld av Den norske kyrkja (Dnk), ville biskopen sitt svar har verka i den retninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Svaret viser nemleg at Reinertsen aksepterer den situasjonen som no har oppstått, og vil praktisera som biskop i samsvar med KM-vedtaket – og med det i røynda medverka til at likekjønna «vigsel» vert ein del av det ordinære arbeidet i Dnk.

Det er mykje som kunne vore kommentert i det Reinertsen skriv, men eg skal avgrensa meg til nokre hovudsaker:

1) Overskrifta på Stein Reinertsen sitt svar er: «Fortsatt mulig å være i Den norske kirke». Det var ikkje det eg spurde om, men det er tydeleg at det er det som er hovudsaka for Reinertsen, som legg stor vekt på at han som biskop skal verka til einskap, enda til når det er på eit kløyvt fundament.

Sjølv om eg ikkje har funne grunnlag for å vera medlem i Dnk lenger, ser eg at det kan vera gode grunnar for framleis å vera medlem og aktiv der, særleg om ein vurderer det ut frå den lokale kyrkjesituasjonen. Då er det eit hovudpoeng for meg at det må skje trass i det vedtaket Kyrkjemøtet no har gjort, ikkje på grunnlag av dette.

Skjer det på grunnlag av vedtaket, skjer det ut frå det premisset at likekjønna «ekteskap» ikkje er kyrkjesplittande, og ikkje gjev grunnlag for å bryta gudsteneste- og nattverdfellesskapet med dei som står for og praktiserer den nye læra om ekteskapet.

Det må også skje på det premisset at likekjønna og heterofilt ekteskap er likestilt, fordi den nye liturgien skal vera ein «ordinær» liturgi som vert gjennomført i alle kyrkjelydane.

Eg har merka meg at Anne Birgitta Langmoen Kvelland, generalsekretær i Normisjon, seier ho inntil vidare vert i Dnk «på tross av» det vedtaket som er gjort (Dagen 2/5).

2) Når Reinertsen argumenterer med at han ikkje har stemt for innføring av «vigsel» av likekjønna, vert eg heilt oppgitt, og eg veit nesten ikkje om eg skal le eller gråte (jfr. Dagens leiarartikkel 30/4). Då går han inn på ei form for ordkløyveri og formalisme som ikkje er eigna i ein åndskamp eller for å fremja sunn lære i kamp mot vranglære.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har opp gjennom åra site i ein del styre og teke saker «til etterretning», og då aksepterer ein det som vert teke til etterretning, anten ein er samd eller usamd i det. Er innhaldet av ein slik art at ein ikkje kan akseptera det – og ta ansvaret for det, må ein anten avvisa det eller trekkja seg frå styret. I dette høvet har Reinertsen i tillegg til å teke til «etterretning», røysta for eit bestemt vedtak – som andre røysta mot.

Då kjem han ikkje unna at han ved sin røystesettel har akseptert og teke ansvar for det vedtaket faktisk inneheld, og hovudsak her er at det no vert innført «vigsel» av likekjønna par til «ekteskap», og at Dnk med det seier likekjønna «ekteskap» kristent sett er rett.

Eg synest også det er tragikomisk når det vert argumentert med at ein med det aktuelle vedtaket har gjeve rom for det klassiske ekteskapet. Det er å snu saka totalt på hovudet. Det klassiske ekteskap har alltid og i alle kyrkjesamfunn hatt rom, og trong ikkje få det no – og det var vel ingen som hadde tenkt å ta bort det rommet?

Det nye er at det likekjønna «ekteskapet» har fått rom – og det likestilt gjennom «ordinære liturgiske ordninger» med det heterofile. Når eit vedtak er «omforent», inneber det at alle kan gå god for det som ligg i vedtaket, sjølv om ein ideelt sett på nokre område ville hatt det annleis. Eg skriv at det innan KM-vedtaket ikkje er rom for det klassiske ekteskapet, fordi dette ekteskapet er eksklusivt, og at det vert devaluert når det får andre «ekteskap» eller samlivsformer rettmessig ved sida av seg.

Dette omdefinerer Reinertsen i sitt svar til eit spørsmål om det er «rom for å læra» at det berre er eitt ekteskap, og det er det i fylgje vedtaket. Poenget er at ein har akseptert devalueringa av det klassiske ekteskapet ved at det også er gjeve rom for den motsette læra.

Det dreier seg om meir enn ulike «syn».

3) Det biskop Reinertsen skriv om sitt tilsyn med prestar som står for den nye læra om ekteskapet, er utan reelt innhald. Som argumentasjonen for å røysta for KM-vedtaket er formalistisk og utan substans, er også forsvaret av tilsynet det.

Tilsynet byggjer på det premisset at prestane «må få lov til å lære det det man står for». Det er i strid med den læra pastoralbreva gjev om tilsynsmannen si oppgåve i møte med vrang lære. Der heiter det fleire stader at tilsynsmannen skal tala imot og tala til rette dei som lærer vrangt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter mi vurdering har Stein Reinertsen anten abdisert som tilsynsmann overfor dei aktuelle prestane, eller han har ved sin aksept av vedtaket også akseptert den vranglæra dei står for. Eg vil utfordra biskop Reinertsen til å forklar sin tilsynspraksis i lys av det pastoralbreva seier om tilsynsmannen, særleg med tanke på den sunne læra og forholdet til vrang lære.

4) Det aller mest problematiske og uforstålege i Stein Reinertsen sitt svar er avslutningssatsen om at det er viktig at «man så langt det er mulig arbeider for at den enheten vi har i Kristus, skal vises i menigheten».

Det kan ut frå samanhengen det er skrive i, vanskeleg tolkast annleis at det er viktig det no i alle kyrkjelydar vert arbeidd for at den tenkinga som ligg i KM-vedtaket, vert realisert – og at det er ein einskap i Kristus, trass i at 1.Tim,10f og 1 Kor. 6,9f seier det motsette.