TUNG KUTTEJOBB: Rektor Roald Kvam håper på auka inntekter og fleire studentar dei komande åra. Elles risikerer han å måtte skjere ned ytterlegare i personalet. Foto: Dagen arkiv

Bibelskule må seie opp lærarar

Bildøy bibelskole må kutte i staben for å få balanse i budsjettet.

To av læ­ra­ra­ne ved Indre­mi­sjons­for­bun­det (ImF) sin bi­bel­sku­le utan­for Ber­gen er sagt opp heilt eller del­vis. Grun­nen er vans­ke­leg øko­no­mi, mel­der Sam­bån­det.

- Vi måtte gjere inn­skren­kin­gar og har ned­be­man­na til­sva­ran­de 80 pro­sent stil­ling, seier rek­tor Roald Kvam ved Bildøy bibelskole til ImF si eiga avis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Færre stu­den­tar

For å ba­lan­se­re bud­sjet­tet for 2013, må bi­bel­sku­len kutte inn­til 1,3 mil­lio­nar kro­ner.

Bak­grun­nen for ned­skje­rin­ga­ne er ned­gang i talet på stu­den­tar og kor­leis stu­den­ta­ne for­de­ler seg på førs­te og andre år.

I år har bi­bel­sku­len to­talt 77 stu­den­tar, men 29 av desse er andre­års­stu­den­tar (T2) - som ikkje løy­ser ut like mykje i stats­støt­te og skule­pen­gar som dei på første­året.

Bere­kraf­tig drift

Roald Kvam un­der­stre­kar at ned­skje­rin­ga­ne i sta­ben både skal sikre ba­lan­se på kort sikt og sør­gje for ei meir bere­kraf­tig drift på leng­re sikt.

- Vi har vore i dia­log med sta­ben og dei til­lits­val­de, og har klart å ta noko på rea­lis­tis­ke kutt i drif­ta. Li­ke­vel kom vi ikkje uta­nom opp­sei­in­gar, seier Kvam til Sam­bån­det.

Drop­par vi­ka­rar

Opp­sei­in­ga­ne gjeld frå 1. au­gust. I til­legg vil sku­len vente med å hente inn vi­ka­rar for til­set­te som er ute i fars- eller mors­per­mi­sjon.

(Dagen)