Bibelkurs

I Apg 1:3 står dette om Jesus og apostlane: Etter at han hadde lide, steig han levande fram for dei med mange prov. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.

Dette må ha vore eit fint bibelkurs for dei som høyrde Jesu ord. Han hadde tala mykje med apostlane då han gjekk omkring i landet før liding, død og oppstode. Han hadde gjort under, bedt, og han hadde lært dei sjølve å be. Han hadde også førebudd dei på det som skulle henda med han då tida var komen.

Dei hadde lært og forstått noko, men slett ikkje alt, for det var så ufatteleg at han som var Guds Son, skulle gå gjennom så mykje vondt. Peter ville helst rå han ifrå å gå inn i alt dette.

Men Jesus måtte gjennom lidinga for å fullføra den gjerninga han var komen for å gjera.
Kanskje dei forstod det betre i ettertid då dei såg at døden ikkje kunne halda på han, men han stod opp igjen som sigerherre over død og grav. Dette gav frelse og fred til dei og til alle som tek imot han. I desse førti dagane fekk dei Jesus-nærvær og Jesus-kjennskap. Han tala også med dei om at dei skulle bera bodskapen om han vidare. Dei skulle få kraft ved Den Heilage Ande til å føra evangeliet til endane av jorda.

Annbjørg Barane,

pensjonert bibelskulelærar