Der er berre ein open søkar til jobben som rektor ved NLA.

Berre éin tør si at han søkjer NLA-jobb

Fire personar har søkt rektorstillinga ved NLA Høgskolen. Tre har bede om at namna deira ikkje vert offentleggjorde. Den fjerde er professor Oddvar Johan Jensen.

Søkjarlista med det eine offentlege namnet vart lagd fram i går. Professor i kyrkje- og teologihistorie Oddvar J. Jensen (64) har vore tilsett ved institusjonen i 30 år til sommaren.

Utanom det faglege arbeidet sitt som har tyngdepunkt i reformasjonen og Martin Luthers teologi, har han vore politisk aktiv på kommune- og fylkesplan for Kristeleg Folkeparti. Han har også vore mykje engasjert i idrett og sit i styret for Noregs idrettsforbund.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Kva motiverer deg for stillinga?

- Det er to forskjellige typar motivasjon når ein vel å søkje ei slik stilling. Den eine er vurderinga om du er eigna til oppgåvene. Den andre er om du har motivasjon og lyst til å gå inn i jobben. For meg har det siste vore det vanskelegaste punktet, seier Jensen til Dagen.

- Eg hadde ikkje tenkt å søkje, men har vorte kontakta av såpass mange som har bede meg om å vurdere det at eg valde å tenkje gjennom saka konkluderte med at eg var villig, legg han til.

Økonomisk utfordring

I ein så tidleg fase er han atterhalden med å svare utfyllande på spørsmål om dei store utfordringane for NLA Høgskolen.

- Men det som er openbert, er finansieringa av dei private høgare utdanningsinstitusjonane. Dette heng saman med dei stadig innskjerpa krava til kompetanse, seier Jensen.

Han framhevar at kompetansebygging og god ressursforvaltning er avgjerande for at NLA Høgskolen skal kunne realisere føremålet sitt i framtida.

- NLA kan nok ikkje kvile seg på laurbæra sine, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjenner institusjonen

Den siste tida har det vore ein del diskusjon om profilen til NLA Høgskolen, ikkje minst i Dagen.

- NLA Høgskolen har ein profil som er teikna gjennom føremålet til institusjonen. Denne meiner eg at eg kjenner godt. Den prioriterte oppgåva må vere å føre dette vidare, seier Jensen.

I samband med tilsetjinga av ny rektor har det også vore diskusjon om balansen mellom fagkompetanse og leiarkompetanse.

- Eg ønskjer å løfte det faglege fram på ein måte som tener institusjonen, seier Jensen.

Is i magen

I dag er Bjarne Kvam rektor på den nyfusjonerte høgskolen som samla tidlegare Mediehøgskolen Gimlekollen og Høgskolen i Staffeldtsgate inn under namnet NLA Høgskolen. Dermed har ein studietilbod i Kristiansand og Oslo, men den største delen av verksemda ligg i Bergen der Norsk Lærerakademi vart starta i 1966.

Kvam har vore ein profil for institusjonen i lang tid, og gir stafettpinnen frå seg etter endt åremål først ved utgangen av 2014. Dermed kan styreleiar Knut Espeland ha is i magen når han og styret om litt samlast for å vurdere søkjarlista. Føbels vil han ikkje seie kommentere om søkjarlista er god nok eller om styret vil gå nye rundar eller kontakte interessante namn som ikkje er å finne mellom søkjarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Tilsetjingsnemnda vil no starte prosessen med å vurdere innkomne søknader, intervjue aktuelle kandidatar og innhente referansar, forklarer Espeland.

Omfattande ønskeliste

Eit viktig spørsmål for styret blir om den nye rektoren må ha professorkompetanse eller om det held at vedkommende er «ein god leiar». I utlysningsteksten står uansett førstekompetanse i eitt av faga ved NLA Høgskolen. Men utover det har styret satt følgjande krav: Erfaring frå undervisning og forsking, erfaring som leiar og med teamleiing, innsyn i utdannings- og forskingspolitikk, sosial og relasjonell kompetanse, styrke til å avgjerder, prioriterings- og gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet. Dagen

Ny NLA-rektor

Nyfusjonerte NLA Høgskolen søkjer ny rektor, som skal vere på plass innan 1. januar 2015.

NLA Høgskolen er resultatet av ein fusjon av Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand, Høgskolen i Staffeldtsgate i Oslo og Norsk Lærerakademi i Bergen. Fusjonen fann stad 1. januar 2013.

Skulen er ein av Norges største kristne, akademiske institusjonar med omkring 2.000 studentar og 200 tilsette. Studiestaden i Bergen er størst, og hovedrektor er plassert her.

Høgskolen har mellom anna utdanning innan pedagogikk, journalistikk, teologi, musikk og leiarskap.