«Kampen i stortinget på tysdag gjeld ikkje sjølvbestemt abort, men sjølvbestemt graviditet», skriver artikkelforfatteren. Bildet viser pleksiglass mellom setene på Stortinget i forkant av tirsdagens avstemning om endringer i bioteknologiloven. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix

«Berre ein celleklump»

42 år etter at lova om sjølvbestemt abort kom, ser kanskje dei same kreftene at «celleklumpen» faktisk er verdifull likevel?

Alle som var med i abortkampen på 70 talet hugsar utrykket «berre ein celleklump».

Abortforkjemparane som i stor grad var venstresida i norsk politikk, degraderte starten på livet til ein celleklump utan verde og utan rett til liv. Kvinna bestemte, og far vart sett på sidelina.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kampen i stortinget på tysdag gjeld ikkje sjølvbestemt abort, men sjølvbestemt graviditet.

Sosialistisk Venstreparti, Framskrittspartiet og Arbeiderpartiet har funne saman for å liberalisera Bioteknologilova.

42 år etter at lova om sjølvbestemt abort kom, ser kanskje dei same kreftene at «celleklumpen» faktisk er verdifull likevel? Eller er det ei ny skalting og valting med livets start som ligg til grunn for lovendringa?

AP, Frp og SV er ein forunderleg politisk koalisjon som har det svært travelt med å køyra gjennom endringar i Bioteknologilova.

Vel vitande om at det er ei mindretalsregjering, kan dei ikkje venta på tradisjonell sakshandsaming i stortinget, ei heller gjeve tid til forsvarleg sakshandsaming i Bioteknologirådet slik vanleg praksis er. Dei fekk 3 og ein halv dag i staden for normal sakshandsaming på 6 veker.

Dette er sjølvsagt kritikkverdig. Same hastige taktikken vart brukt i samband med saka om tvillingabort, med det hjerteskjerande utfallet at norsk helsevesen må stilla opp og ta livet av den den eine tvillingen eller to av trillingane viss mor bestemmer det.

Som ein fylgje av liberaliseringsforslaget til AP, Frp og SV har dei fremma forslag om tilbod til alle gravide om tidleg ultralyd og NIPT-test som er fostervatn-diagnostikk.

Det er dei nødd å gjera, for skulle det vera noko gale med fosteret, så må dei legga inn tid nok til at den gravide kan ta abort. Dette er truleg årsaka til at det kjem eit forslag om sjølvbestemt abortgrense på 16 veker i stortinget i nær framtid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi ser ein tydleg framvekst av eit sorteringssamfunn, noko som KrF absolutt ikkje ynskjer. Vi veit at mange prøvar er usikre, og at mange friske barn også mistar retten til liv. Dette er ein menneskeskapt tragedie.

Menneskerettserklæringa og barnekonvensjonen til FN er tydelege: «Barnet har rett etter fødselen, rett til namn, nasjonalitet, og så langt det er mogeleg, å kjenna foreldra sine og få omsorg av dei ».

Det står også at: «Begge foreldra har eit hovudansvar for omsorga og utviklinga til barnet». Denne erklæringa har Norge skrive under på, og KrF har dette barneperspektivet med seg inn i desse biotekniske sakene.

Med eggdonasjon og sæddonasjon vil barnet ha ulik biologisk tilknyting til oppvekstforeldra sine, og ved dobbeltdonasjon vil barnet ikkje ha biologisk tilknytning til oppvekstmor, i det heile. Å fråta barna å veksa opp med sine biologiske foreldre er eit stort ansvar for ein stat å ta.

Sjølv om det er teknisk og politisk mogeleg å framstilla eit befrukta egg og befrukta ei kvinne med det, så er det etisk og moralsk uakseptabelt å tillata ein slik praksis, ut frå barnets beste og eit kristent menneskesyn.

Kva vil så alt dette kosta det offentlege helsevesenet i Noreg? AP, SV og FrP som elles er veldig påpasselege med å få økonomiske berekningar på nye tiltak, har ikkje greidd å få fram ei einaste krona i denne saka.

Truleg har dei ikkje villa det heller, for dette vert dyrt, og det kan virka avskrekkande, for å få saka gjennom i stortinget. Den sjansen tek dei ikkje.