Barn skilde frå foreldra

Det er mykje fokus på barna i dagens samfunn, og det er i utgangspunktet positivt. Spørsmålet er om fokuset har rett utgangspunkt. Det vert ofte sagt at barna må få leva på sine eigne premiss, men det store spørsmålet er om det ikkje er samfunnets og foreldras premiss og rettar som vert lagde til grunn, ikkje barnas. Resultatet er i stor grad at barna mykje av tida må leva skilde frå foreldra, og mange barn veks opp med berre ein forelder. Den nye «ekteskapslova» legg endatil til rette for at barn ikkje skal ha far. Vi må rekna med at konsekvensane av dagens barnepolitikk kjem med stor tyngde om nokre år. Det kan verta ein blåmåndag for nokon kvar.
I siste Velsignet Helg skreiv Espen Ottosen ein tankevekkande artikkel i «Frispark», «Et barnefiendtlig samfunn?». Han aktualiserte problemstillinga på fleire område, og han samanlikna det å plassera barn i skuleinternat med det å plassera dei i barnehage. Det er ei dristig samanliking og ikkje fullt ut dekkande - som Ottosen er merksam på, men ho er likevel meir treffande enn vi likar å tenkja.
«I dag kan det synes opplagt og selvsagt at barn ikke bør skilles fra foreldrene slik internatsystemet sørget for. Samtidig lever vi i et samfunn der barn i stadig økende grad blir systematisk adskilt fra sine foreldre fra de er bitte små,» skriv Ottosen.
Det å samanlikna misjonen sine skuleinternat med norske barnehagar kan opplevast som ei bagatellisering av problemet med internat. Slik er det ikkje meint hjå Ottosen, men alvoret i det som no har vorte avdekka med internata, bør få oss til å tenkja på om vi i dag på anna vis skil born og foreldre på ein unødvendig og negativ måte.
Det sterke fokuset som no er på misjonen sine internat i utlandet, er nok nødvendig, men det må ikkje gjera oss einøygde. Også her i Noreg var det i grissgrendte strøk med store avstandar vanleg med skuleinternat. Det var eit vilja opplegg frå staten si side, ut frå at den geografiske avstanden mellom barna var for stor til at dei kunne få undervisning i nærmiljøet sitt - altså same grunnen som førte til internat utanlands.
No er det ikkje geografien som fører til at barna i stor grad vert skilde frå foreldra. Det er ein vilja politikk der foreldra skal vera ute i arbeidslivet, og der staten har ordna med opplegg for barna medan foreldra er i arbeid. Internatopplegget skilde barna frå foreldra frå skulepliktig alder, no vert dei plasserte i barnehage frå dei er eitt år. Rett nok er førskulebarna ikkje skilde frå foreldra i veker eller månader om gongen, men det er ikkje mykje att av ekte samværstid når barnehagedagen er over - og born og foreldre ofte er trøytte. Mange barn har lengre barnehagetid enn foreldra har arbeidstid.
Vi har mange gode barnehagar her i landet, og mange barn har det godt der. Det er altså ikkje barnehagane som er problemet, men omfanget barna vert skilde frå foreldra, og at det i stor grad er ei statsregulert skiljing.
Vi må rekna med at det veks opp born som vil klaga staten og foreldra for at dei ikkje fekk læra foreldra sine skikkeleg å kjenna i barneåra, og at dei ikkje fekk den personlege identitetsutviklinga som ligg i det nære forholdet til mor og far.