Ateismen er mot naturen

Då Gud skapte universet, skapte han alt med mål og meining, og han skapte mennesket til samfunn med seg. Gud er Herren og Skaparen av jorda vi bur på, «han som ikkje skapte henne til å liggja aud, men gjorde henne til bustad for folk» (Jes 45,18). Det folket han skapte til å bu på jorda, skapte Gud i sitt bilete, det vil seia som personar Gud kan og vil ha samfunn med (1 Mos 1, 26f). Difor er ateismen unaturleg, altså mot naturen fordi han strid mot skapinga. Ateismen er av same grunn ufornuftig, fordi han avskjer kontakt med Gud som har skapt alt med mål og meining. Historisk og globalt er difor ateismen også uhyre sjeldan.
Samfunnet med Gud vert utfalda i kommunikasjon mellom Gud og mennesket, difor ligg det i å vera skapt i Guds bilete at Gud kan tiltala mennesket og få det i tale, og mennesket har fått talens gåve til kommunikasjon med Gud og kvarandre. I dette ligg menneskets djupaste identitet.
Ein skal ikkje kasta mange blikk på historia og samtida for å sjå at ateismen er ei uhyre sjeldan plante, sjølv om ho har gode livsvilkår i dagens vestlege samfunn. Ein treng på andre sida like kort tid til å konstatera at ulike former for gudstru til alle tider lever og blomstrar i alle kulturar og blant alle folkeslag. Historisk sett er dette totalt, og globalt sett i dag er det einaste Vest-Europa med Noreg i spissen som er unnataket.
For å konstatera dette er det berre å sjå på religiøs litteratur kontra ateistisk. Det kjem for tida her på berget ut ein bokserie som heiter «Verdens hellige skrifter», og til no er det kome ca 60 bøker. Kor mange det til slutt vil verta, veit vi ikkje - men det er nok å ta av.
Ateistisk litteratur er det derimot svært lite av, sjølv om det er nokre iherdige professorar som har produsert litt dei siste åra, slik at vi i Vesten no har fått ei lita bølge av slik litteratur - i alle fall når vi ser det ut frå kva plass desse bøkene får i media. Den første norske boka som gav ei innføring i ateismen eller gudløysa kom så seint som i 1996. Framstillingar av og argumentasjon for ateisme, endar opp i sirkelargumentasjon og subjektivisme. Slik må det verta når ein skal tru på og argumentera ut frå mennesket sjølv.
Det er gjort nokre forsøk opp gjennom historia på å gjera folk ateistiske, og det er spådd at vi ville gå inn i ei religionslaus tid. Begge delar har naturen og fornufta imot seg. Det største ateistiske eksperimentet er vel Sovjetunionens kommunisme. Her vart gudstrua undertrykt etter beste evne og med alle midlar, men det var kommunismen som tapte og gudstrua som vann. Sjølv om kommunismens åk låg for lenge over folket, var det historisk sett ein kort periode. Så snart denne perioden var over, blomstra det religiøse livet på nytt.
Spådommen om at vi ville få eit religionsfritt samfunn eller at gudstrua ville trekkja ut av det offentlege rommet og inn i heimane og gudshusa, fekk ikkje mange leveåra før han vart avslørt som falsk. Rett nok held sosialdemokratiet hardnakka fast på at religion er ei privatsak, og Utlendingsnemnda lever i den villfaringa at folk kan halda trua si for seg sjølv. Denne tenkinga har både tida, fornufta, naturen, historia og skapinga mot seg. Slik tenking har ikkje livets rett, men sjølv dødskrefter kan ha stor makt ei kort tid.
Ein kvar som vil sjå seg rundt om i verda og ein kvar som ser på dei som vandrar inn til landet vårt, vil sjå at religion lever og blomstrar - og at denne ikkje kan haldast på det private planet, men også har sin plass i det offentlege rommet. Det heng altså saman med at mennesket som skapning er eit religiøst vesen, eit ævevesen, personar som søkjer etter samfunn med den Gud som har skapt oss.
Det gudssamfunnet vi er skapte til, finn vi i Jesus Kristus og ved trua på han og hans frelsesverk. Ved syndefallet vart menneskets religiøsitet korrupt, slik at mennesket i si søking etter Gud søkjer mot avgudar og nokre gonger mot seg sjølv som gud, slik som i ateismen. For at gudssøkinga skal verta sann, treng vi den openberringa som Bibelen gjev oss, og ved trua på Jesus lever vi i det gudsbilete vi er skapte i - og med det i det forholdet som svarar til naturen og fornufta ved skapinga.