POLITIKK: Ap-leder Jonas Gahr Støre og KrF-leder Knut Arild Hareide. Foto f.v: Heiko Junge / NTB scanpix og Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Arbeiderpartiet og KrF – ei familiehistorie

Heime var det papp’en som stemte Ap og mammo KrF. Som lita jente forstod eg at det var stor skilnad på dei partia, men eg forstod ikkje heilt kva skilnadane var.

Eg såg jo at dei to var ulike, mammo og papp’en. Papp’en var glad i ein dram. Gjerne fleire. Han banna og svor når det fall seg slik. Han elska kortspel, helst «Spar dame», då kom han ofte med sitt favoritt-uttrykk, «De kan vera gode om de ikkje slår meg». Mammo var avholds. Ho banna ikkje, ikkje anna enn uttrykket «No får de P-H gje dykk». P-H var initialane til faren hennar og fungerte greit som kraftuttrykk. Ho kunne eit einaste kortspel, det var «Casino» og ho nekta å lære seg andre. Kortspel var ikkje bra, bortsett frå Gnav – Gnav var bra.

Arbeiderpartiet var papp’en, KrF var mammo. Så var det storebrørne mine. Leif’en, han likte futt og fart og fest, og han brukte papp’en sine bann’ord og endå litt fleire som han tileigna seg der han ferdast. Å lytta til når papp’en og Leif’en mekka bil i lag, det var som eit innføringskurs i bannskap. Og å vera på fisketur med Leif’en, når snøret hadde vikla seg godt i hop – det var vidareføringskurs.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjell’n var ein rolegare type. Eg kunne strikka i lag med Kjell’n. Skjerf som vi strikka på ein spesiell måte og strekte dei ut så dei vart kjempelange. Han hadde ein opprørsk periode, eg har vage minner om langt hår og tobakk, men så reiste han til Trondheim og studerte og var med i kristne menigheter på fritida. Eg trur han stemte KrF, eg tenkte at han gjorde nok det.

Leif’en vart etterkvart aktiv politisk. Og mammo var kry! Når eldste sonen stod på andre plass på liste til stortingsvalget, då fekk det ikkje hjelpe at partiet var SV. Ho gjorde eit unntak for si livslange KrF-støtte og stemte på sonen. På det tidspunktet hadde eg flytta heimifrå. Eg hadde fulgt i mammo sine fotspor mens eg budde heime, hadde meldt meg inn i KrF og rakk å stemme på dei ved kommunevalet i 1979. Eg hadde vore på kurs med Anita Apelthun Sæle. Og hugsar ho som like intens i kjeften som papp’en og Leif’en i sine bannskap-kuler, men ho brukte andre ord. Heilt andre.

Oppe i Trøndelag møtte eg nye konstellasjonar. Kristen og sosialist. Glad i alkohol – stemmer KrF. Stemmer Ap – er prest. Konservativ kristen – arrangerer dans. Full forvirring! Dette var åttitalet, og tilsvarande endringar skjedde vel i nokon grad på Vestlandet. Men eg opplevde også noko anna: Eg såg på den kulturen eg hadde vakse opp i med nytt blikk, eg oppdaga ting som eg ikkje visste den gongen eg var del av den. Ta for eksempel Andreas Lavik. At han sat på Stortinget frå 1888 og kjempa for kvinneleg stemmerett, det visste eg ikkje. At han i mange år etter det vart utestengd som talar på bedehus, før han i 1898 var med på å stifte Det vestlandske Indremisjonsforbund. Tenk at ein så radikal mann arbeidde i den organisasjonen eg seinare oppfatta som så konservativ! Birger Løvlie omtaler Lavik som «ein uvanleg sjølvstendig tenkande mann» som representerte ein «kultur-open profil» i den samtida han var del av (Løvlie, Kor mykje stort…, 2007).

Eg synst det var kjekt å oppdage gamle «høvdingar» på nytt og sjå at det var fleire som stod for både det eine og det andre. Eg synst det var kjekt å kjenne støtte frå dei, sjølv om dei ikkje levde lengre, i at det er lov å tenkja sjølv. For min del førte dei tankane til at eg i vaksen alder havna på papp’en si side politisk. Der havna eg i lag med den storebroren min som etterkvart vart mindre radikal og meir opptatt av olje enn miljø. Mammo og papp’en hadde sine ulikskaper livet ut, men deira utøvande praktiske politikk var frå begge to omsorg til oss ungane. Og til familie og nettverk for øvrig. Innanrikspolitisk og utanrikspolitisk var dei samla om det som mammo siterte ofte: «Eg tykkjer støtt at det høver best å hjelpa den som det trenger mest» (Ivar Aasen, Til lags åt alle kan ingen gjera).

Kva kjenneteiknar ein familie? Ofte er det, som i min familie, mangfald. Ulike måtar å vera på, ulike interesser, ulike oppfatningar. Krangling og konflikt kan det vera, men samtidig noko som bind oss saman – at vi er glade i kvarandre – at vi har noko felles i historia vår – at vi er saman om det som betyr noko.

Han som nettopp skreiv ei bok med den tittelen, har fått ein del motbør. Hans positive skildring av Arbeiderpartiet gjer kanskje ilt (vondt) for mange. Hans tydelege råd etter at boka kom ut hadde vore totalt uaktuelt i min oppvekst.

Kva kjem dei vestlandske kristelege folkelege til å velja? Kjell’n er skeptisk. Han drøymer om å få ei sentrum-regjering eller sentrum/høgre. Han ser dilemma knytta til Frp og deira haldningar, og han ser at KrF og Ap har ein del felles verdiar. Kanskje kan KrF få større gjennomslag for eigen politikk ved å støtte ei regjering med Ap? Då er Kjell’n open for det. Leif’en meiner Knut Arild sin tale var kanonbra, og heilt etter hans hjarte. Sjølv om Leif’en aldri har stemt KrF, så er han er gjennomsyra av den kristelege kulturen han vaks opp i, og meiner den har mykje varme og hjelpsomhet i seg. Eg har stemt Ap i alle stortingsval. Men, eg er dotra til mor mi og kan vera ein illojal veljar når familie og venner topper listene. Så når venninne Karin har stått på lista til KrF i fylkestingsval, ja då har stemma mi gått dit. Og viss Karin kjem på toppen på lista til Stortinget, då blir det vanskeleg å ikkje støtta henne.

Kva er ein revolusjon? Det er «betegnelse på en endringsprosess som er grunnleggende og foregår i løpet av meget kort tid. Uttrykket brukes særlig om politiske, sosiale og økonomiske omveltninger, som den franske revolusjonen i 1789» (Store Norske Leksikon). Vi er i Noreg 2018. Det renn ikkje blod i gatene, og giljotinen får kvila i fred. Men grunnleggjande endring? Mange opplever nok KrF-leairen sitt retningsvalg slik. Og kort tid? Det kan sikkert kjennast slik også.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg tenkjer at det som skjer no er viktigare enn det mange meiner at det er. Eg tenkjer at grunnleggjande skilnader i haldningar til mennesker, miljø og samfunn har blitt sett søkjelys på. Skilnader som for KrF-leiaren betyr tydeleg nei til regjeringssamarbeid med Frp. Eg trur at å følgje vande spor kan kjennast trygt og gje minst kritikk, men at det ikkje fråtek den einskilde sitt personlege ansvar til å definere kva som betyr noko. Og at det å ikkje velje, også er eit val.

Heime var det pa pp’en som stemte Ap og mammo KrF. Papp’en og mammo var ulike, men partiene? Kanskje eg som lita jente hadde forstått det når eg ikkje forstod kva dei store skilnadane var.

Les også
Sæle om Hareides retning: Kamikaze-prosjekt
Les også
– Ingen bombe, sier Ropstad om Listhaugs bok
Les også
Vil ikke gi KrF abort-garanti
Les også
Klart flertall for Hareide i Buskerud
Les også
Blå side gjorde reint bord i Fana
Les også
Styret i Telemark KrF går inn for åpne dører