Alvor

«Det vert aldri alvor med å vinna menneske for Gud før det vert alvor med Guds dom over synda,» var det ein som sa. Trur han treff blink.

Eg trong ikkje frelse før eg fekk sjå at ein syndar, det var min tittel. Frelsa meg sjølv kunne eg ikkje, ikkje var der evner, ikkje krefter. Slutta å gjera visse ting kunne nok gå. Noko anna var det med denne natur, denne ibuande lyst. Ikkje kunne eg gjera det ugjort det som var gjort, tenkt.

Gud – Herren, skaparen, Han skapte ved å tala. Han såg synda som skapningen Hans fall i. Fallet var totalt, og det falne menneske fødte etterkomaren med ein fallen natur. Det er slik at som ein sau føder sau, så føder eit fallent menneske eit fallent menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Herren tok fallet på alvor. Han søkte dei falne. Han sendte Jesus. Han gjorde soning for syndene. For Herren var synda alvor, ikkje teori. Difor, «Jesus måtte til Golgata for å frelse meg». Synda var alvor for Herren. Fortaping ei verkeleghet.

«Dersom de kristne tror det de bekjenner, da må jeg beundre deres ro,» sa ein.

Kva kan redda frå døden, frå fortaping?

Flott å få folk med i ei forsamling, men det er ikkje frelse i det å gå på møter. Koma inn i eit fellesskap kan vera fint. Folk kan trivast der, ha det godt. Frelse er det ikkje i det. Men det er om Guds Ord der får lyda, ordet om Frelsaren. Om dei får møta Han, Jesus. Får bruk for Han, for Hans gjerning.

Fint – flott og godt at folk trivest, men kva med Jesus og Ordet om Han. Det ein har tru på, det brukar me i alle samanhengar. Det var ved sitt Ord Herren skapte. Det er ved sitt Ord Han føder menneske på nytt.

Trur me det, då vert det viktig å så Guds Ord. I Joh 14,6 «Jesus seier til han: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan ved meg». 1.Joh 5,12 «Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet».

Kristendom frelser ingen, men Kristus Jesus frelser.

Ingen druknande vert berga med formaning om å koma seg på land, formaning om ikkje å drukna. Ingen vert varm ved å få høyra instruksar om ikkje å frysa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nei, dei må reddast, dei må varmast.

Herren såg ikkje etter kor hyggeleg, eller uhyggeleg, dei hadde det i husa. Kor dei trivest eller ikkje. Han såg etter det uskuldige lam sitt blod.

Er det alvor med at den som ikkje har Sonen, ikkje har livet? Kva då? Er det sant at det er berre Jesus som frelser? Då må me få gitt folk Ordet om kva Jesus er og har gjort.