NORSK PÅSKE: På langfredag i fjor var det strålande skitilhøve i Trysil. Dagen utfordrar til å tenkje over forvaltinga av den største kristne høgtida.

Å vere klar til høgtida

Sekulariseringa av påska er ei stor utfordring for truande kristne.

Påska er berre eit par veker unna. For den kristne kyrkja ligg sjølve fundamentet for trua i det som skjedde gjennom denne dramatiske veka i Jerusalem.

For det norske folk og andre land med kristen kulturarv, er dette i ferd med å bli framande forteljingar. Høgtid er først og fremst vorte fritid. Det pregar også truande kristne. Vi vert alle forma av vanar og mentalitet i den tida og situasjonen der vi lever.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette stiller oss overfor ein del utfordringar som vi saknar meir medviten refleksjon rundt mellom kristne. Gjennom fleire år har vi her i Dagen teke opp tankekrossen som ligg i at kyrkjer og forsamlingshus her i landet vert tommare medan trussøsken i andre land strøymer saman endå meir enn elles.

Nokre norske kyrkjelydar og forsamlingar har skalert kraftig ned på gudstenester og møte i påskehøgtida. Det er for vanskeleg å samle folk.

Årsakene til dette er samansette. Eit av paradoksa er at det kristne forsamlingslivet vert ekstra hardt råka i land som vårt fordi den kristne tradisjonen har vore så sterk.

Det har nemleg gjort at kristne høgtidsdagar er fridagar. Her i landet har vi uvanleg mange slike, med både skjærtorsdag og andre påskedag som raude dagar i kalendaren.

Dette gjer at påskeveka vert ein lang friperiode for mange. Sidan samfunnsutviklinga har ført til at mange familiemedlemer og vener bur lengre frå kvarandre, vert slike friperiodar verdifulle høve til å pleie kontakt med kvarandre. Og det er jo i utgangspunktet positivt.

Vi bur også i eit land der fjell og ski betyr mykje for mange. I år kjem påska svært seint, og det etter ein mild vinter, så tilhøva i fjellet er nok ikkje så gode som dei ofte er i påska. Men for mange entusiastar er dette vanlegvis sjølve høgdepunktet i skisesongen.

Stadig fleire nordmenn har også fått ein økonomi som gjer at dei har høve til å nyte dette i fulle drag. Atter andre er freista til å få ein forsmak på våren ved å reise nokre dagar ned på kontinentet. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette også er forlokkande.

Faren for oss alle er at det gode vert det bestes største fiende. Dei nemnde årsakene, og fleire andre, kan nemleg føre til at påska med tid og stunder vert viska ut av det kristne medvitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vi ikkje erfarer igjen og igjen i truslivet, kan med tida verte gløymt. Nettopp dette er ein viktig grunn til at det å minne seg sjølv og andre på Guds gjerningar er eit så viktig motiv både i Det gamle og Det nye testamentet.

Det er vanskeleg å gi ei enkel oppskrift på korleis kristne skal møte desse utfordringane. Vi er i forskjellige livsfasar og livssituasjonar. Men vi meiner det er gode grunnar til å ta samtalen både i familien og forsamlinga om korleis vi skal markere påske.

Det kan gjerast på forskjellige måtar, men ingen bør la det vere ugjort. Då går vi glipp av mykje som er umisteleg for truande kristne, ikkje minst i ein kultur der den levande gudstrua er under eit stadig sterkare press.

Ordet påske tyder forbigang. Det skriv seg frå dødsengelen i Egypt som gjekk forbi dører der hebrearar hadde smurt lammeblod på dørkarmen, etter påbod frå Gud sjølv. Men vi bør ikkje la påska gå oss forbi. I staden bør vi gå inn i påska - og verte minna om Jesu liding, død og oppstode for oss.