Å lengta etter kvarandre

Ved oppstart av eit nytt semester er det mange tankar som melder seg. Spesielt går tanken til dei mange lag og foreiningar som om kort tid startar opp i bygdene. Mange kjensler kan vera knytt til oppstart; for mange glede over å treffast igjen, for andre mismot eller kanskje stresstankar. Me skulle gjerne ynskt ting var annleis på bedehuset. Etter ferie og fri startar det travle aktivitetslivet, også på bedehuset.

Brevet til Tessalonikarane osar av venskap, kjærleik, oppmuntring og trøyst, men også formaning. Paulus, Silvanus og Timoteus lengtar sterkt etter sine kristne trussøsken som dei vart kjente med ei tid tidlegare under Paulus si andre misjonsreise. Så er det store spørsmålet; lengtar me etter kvarandre – som kristne medsøsken i lag og foreiningar? Varme relasjonar – med vekt på varme, er eit av kjenneteikna til voksande forsamlingar.

For å finna ut kor varme relasjonane er mellom medlemene i forsamlinga, vert det mellom anna stilt spørsmål som: kor mykje tid brukar medlemene saman utanom møter og tilstelningar? Kor ofte inviterer dei kvarandre til ein kopp kaffe eller eit måltid? Kor rause er dei med ros? Kor mykje latter er det i forsamlinga? Guds forsamling vert bygd, utrusta og utvikla gjennom relasjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er også sagt at ekte kjærleik gir forsamlinga større magnetisk kraft enn alle slags marknadsføringstiltak. Truverdig og praktisk kjærleik viser seg å vera meir effektiv enn evangeliseringsaksjonar som ofte byggjer på verbal kommunikasjon. Menneske vil ikkje høyra oss tala om kjærleik, dei vil erfara den i praksis.

Som så ofte handlar det om at eg må byrja med meg sjølv. Korleis er mi lengt og prioritering i forhold til lokal forsamling? Kor viktig er det for meg å bygga varme relasjonar, både til medlemer i forsamlinga og utanfor? «Engasjert trusliv» er også eit tema oppi dette. Temaet seier noko om korleis mitt liv er basert på Guds ord, leia av Den heilage Ande og samtidig har hjarte for verda. Undersøkingar viser at det ikkje nødvendigvis er tida me bruker på truslivet vårt, til dømes i bøn, som er viktig, men kvaliteten; om me opplever det inspirerande. Oppfordringar som «be meir!», «les oftare i Bibelen» kan vera til oppmuntring og hjelp for nokon, men for andre kan dei vera mot sin hensikt.

Det handlar heile tida om å vera i sunn balanse der me både kan gi og få, også når det gjeld eige trusliv. At me veks og modnast, og har eit ynskje om det, kan vera viktigare enn kor me er nett her og no. Det vil få fylgjer både for eige liv, og for våre medmenneske.