FRIGJERING: Det var rektor Arnfinn Norheim som opna festen for Bibelskolen p Bildy i helga. Vi vil at studentane skal mta Gud i Bibelen til ndeleg frigjering og teneste, sa Norheim.

25-års jubileum med bibelglede

Bibeltillit, bibeltruskap, bibelglede. Det er tre sentrale stikkord for Bibelskolen Bildøy som lørdag feira sitt 25-års jubileum på Bildøy.

Det var rektor Arnfinn Norheim som opna festen med desse stikkorda for alt som skjer på Bibelskulen, som eigentleg kunne feira 120 år.

- Skulen skal ha Bibelen i fokus, det skal vera limet som bind det heile saman. Vi vil at studentane skal møta Gud i Bibelen til åndeleg frigjering og teneste, sa Norheim.

Nærare 400 var med på den store feiringa som hadde ei rekkje imponerande musikalske innslag, fleire helsingar og tale av avtroppande formann i hovudstyret, Erik Furnes.

Furnes gledde seg over at Bibelskulen Bildøy er ein skule som kommuniserer med dagens ungdom. I festtalen minte han både forsamlinga og studentane på at dei må førebu seg på å møta og leva i eit samfunn der dei vil oppleva trengsel fordi dei er kristne.

- Den tida er forbi med stor fridom for Guds Ord i skule og samfunnsliv. Det normale heretter vil bli trengsel for Guds folk, for dei som vil stå på ein heil bibel, på alt Guds Ord, sa Furnes.

Undervisningispektør Roald Kvam drog opp ein del interessante linjer for Bibelskulen framover.

- Dette skal vera ein skule for livet, sa Kvam som hade samla pukta sine i fire f-ar: fast, frisk, frimodig og forventingsfull. Han lufta og tanken om at skulen i framtida kan bli ein skule for fleire folkeslag. Skulen har alt idag samarbeidprosjekt i Ukraina, Kenya, Israel og på Kolahalvøya.

Ordførar i Fjell, Lars Lie, sa Bibelskulen er eit verdifullt tilskot til kulturlivet og gjev mange positive ringverknader for kommunen. Han overrekte blomstrar og maleri.

Største gåva kom frå Elevringen som overrekte ein sjekk på 50.000 kroner til Bibelskulen.