Vil ha makt og mer enn 5,5 prosent

Knut Arild Hareide fryktar meir å vere usynleg i opposisjon enn å bli skvisa i ei blå-blå regjering.

I dag er Kristeleg Folkeparti veslebror samanlikna med dei to blå partia til høgre som er dei førande på borgarleg side. Meiningsmålingane i mai gjev Høgre 57 mandat, Frp 29 mandat - og KrF 9 mandat.

- Er du redd for å bli skvisa av eit stort Høgre og eit mindre Frp?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg er meir redd for posisjonen vi har i dag der vi har ei arrogant fleirtalsregjering. Vi i opposisjonen har mindre innverknad. Eg skal ærleg seie at KrF treng tyngde for å gjere noko med dei store debattane rundt sorteringssamfunnet, eldreomsorg og kristendommens plass i skulen.

KrF hadde i mai dei nest beste meiningsmålingane etter at Hareide overtok som leiar for to år sidan.

Han har to mål for valet: Å bli større enn ved sist stortingsval og å få politisk innverknad. Ved valet for fire år sidan fekk KrF 5,5 prosentpoeng og ti mandat.

Vil ha sigrar

Alle partia har no hatt sine landsmøte i vår. På borgarleg side har det vore sjølvsikker tale om regjering til hausten. Fleire statsrådsstolar vart utdelt frå talarstolen på KrFs landsmøte, men i korridorane var det utbreidd skepsis mot å regjere med Frp.

Hareide er klar på at partiet må kunne innkassere sigrar på partiets kjernesaker i eventuelle regjeringsforhandlingar.

- Når vi set menneskeverd i sentrum, vil debatten om vi skal ha returrett på born eller ha plass til alle vere sentral. Det vil vere viktig å gjenreise familiepolitikken og løfte opp barnevern og fosterheimar, seier Hareide.

Han viser også til at KrF vil gje lækjarar rett til å reservere seg mot å henvise til abort og auke delen kristendom i RLE-faget.

- Det blir vanskeleg å forklare veljarane våre kvifor vi skal i regjering viss vi ikkje får desse sakene på plass.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Stiller du ultimatum på desse sakene?

- Vi stiller ingen ultimatum. KrF har sagt at dei vil bidra til å få til eit regjeringsskifte. På saker som kristendom og reservasjonsrett vil det vere lett å gje KrF ein siger. Det kostar dei andre partia lite og vil vise om dei vil KrF vel og om dei har forståing for at kristendommen er einskildindivid.

- Meir heilag enn grunnlova

I februar sa Hareide at Høgre er stødigare når partiet diskuterer handlingsregelen for bruk av Oljefondet enn når dei diskuterer spørsmål om menneskeverd. Programkomiteen i Høgre fekk fleirtal for å avvise eggdonasjon, men eit stort mindretal røysta for heilt utan debatt på landsmøtet. Møtet var prega av ein forrykande debatt om å endre abortlova.

Hareide gjev Bent Høie, leiar av programkomitéen i Høgre, ros for å ha gjort ein god jobb i bioteknologisakene. Derimot er KrF-leiaren langt meir betenkt over det han høyrde i abortdebatten på Høgres landsmøte.

- Abortlova vart vedteken for snart 40 år sidan. Sidan har det vore ein teknisk revolusjon. Likevel meiner Høgre at abortlova er meir heilag enn grunnlova, seier Hareide.

Han roser partileiar Erna Solberg for å ha teke til orde for å ta vekk sjukdom hos fosteret som eigen abortgrunn etter 12. svangerskapsveke. Solberg og resten av partileiinga vart overkøyrt av eit godt organisert kvinneopprør i Høgre som ikkje ville stramme inn abortlova.

- Når eg høyrde den eine Høgre-dama etter den andre i debatten, var det som å høyre eit ekko av Arbeiderparti-damene på 70-talet, seier Hareide.

- Vart du meir skeptisk til å sitje i regjering med Høgre etter å ha lytta på abortdebatten?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg vart ikkje skeptisk då eg høyrde Erna Solberg og heile leiinga støtta henne. Debatten som prega Høgres landsmøte pregar dessverre meir og meir av samfunnsdebatten, men eg er skuffa over konklusjonen.

- Treng fire parti

På landsmøtet i helga gav Frp opp kampen mot ekteskapslova ved å stille sine representantar fritt i saka. Dei er også fristilte i spørsmål om homofil adopsjon og assistert befruktning til lesbiske. «Heilgardering», kallar valforskar Anders Todal Jensen fristillinga.

- Har utsiktene til samarbeid med Frp endra seg etter vedtaka på landsmøtet?

- Omlegginga i Frp er beklageleg, men eg vil med det same seie at Frp har vore eit av partia som har støtta KrF i desse sakene. Sjølv om Frp har endra standpunkt, trur eg likevel dei vil ha forståing for KrFs syn i desse sakene.

Frp-toppar opnar no for at partiet skal stå utanfor ei borgarleg regjering dersom partiet vert for småe etter valet.

- Håpar KrF på at eit lite Frp kan bane veg for ei ny Høgre-sentrum-regjering?

- Mitt håp er at KrF vert størst mogeleg, og det vil sjølvsagt gå ut over dei raudgrøne eller borgarlege parti, men eg har ikkje lyst å peike ut einskildparti. Mykje tyder på at vi treng fire parti for å få til eit skifte.

Ikkje bestemt seg

Det vekte stor merksemd då Hareide før landsmøtet i april varsla at han ikkje visste om han av omsyn til familien ville bli statsråd viss KrF kom i regjering.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hareide har enno ikkje bestemt seg.

- KrF har mange dyktige og aktuelle statsrådkandidatar, seier Hareide.

- Vert ikkje KrF svekka i regjering utan leiaren?

- Ikkje nødvendigvis. Høgre gjorde det same på åttitalet, men det må vere tyngde i regjeringa, seier Hareide.

DAGEN

Borgarleg samarbeid

Høgre, Frp, Venstre og KrF har ein felles intensjon om å felle den raudgrøne regjeringa etter valet.

KrF meiner det er lite sannsynleg å gå i regjering med Frp, mens Frp ikkje vil støtte ei regjering dei ikkje er ein del av.

KrF og Venstre svarte med å vise til at dei kan hente budsjettstøtte frå Arbeiderpartiet.

For fire år sidan bidrog åtvaringa om «borgarleg kaos» til at det ikkje vart regjeringsskifte.