KYRKJE: Ålesund bedehus har dei siste åra vore tilhaldsstad for Sunnmørskirka, som no søkjer registrering som eit sjølvstendig trussamfunn innanfor Indremisjonsforbundet. Rundt 150 menneske går på dei månadlege gudstenestene, og kyrkja har både dåp, vigsel og konfirmasjon.

Vil ha eige kyrkjesamfunn

Sunnmørskyrkja er ein av forsamlingane i Indremisjonsforbundet som vil bli eige kyrkjesamfunn. Sunnmøre Indremisjon drøftar forsamlingsbygging.

- I dei fleste bygdene organiserer ein bedehusarbeidet på same måte som då det var djuptgripande vekking. Møteformen har ikkje endra seg stort. Då må vi stille oss nokre nærgåande spørsmål om kvifor vi arbeider på same måte i dag når resultata uteblir.

Det seier krinssekretær Erik Furnes i Sunnmøre Indremisjon. Han er også leiar for Indremisjonsforbundet (ImF).

Laurdag og søndag er det årsmøte i krinsen, og ImF-pastor Runar Landro frå Fredheim i Sandnes er invitert til å tale om forsamlingsbygging.

- For meg har det vore ei aha-oppleving å delta på vekkingsmøta på Godøya. Den gamle vekkingslinja fungerer fortsatt, men vi må også tenkje om det er andre måtar å organisere arbeidet på. Jesus har kalla oss til å vere menneskefiskarar, og då må vi bruke meir enn ein reiskap.

Furnes har merka seg at mange menneske i dag vert frelst gjennom kontakt med kristne.

- Vi må ha tettare fokus på å byggje relasjonar, og på det å byggje tettare og mindre fellesskap. Folk skal ikkje berre ha ei stor forsamling å gå i, men også mindre og livsnære fellesskap der ein møter evangeliet.

Krinssekretæren, som sjølv melde seg ut av Den norske kyrkje etter homofilivedtaket på kyrkjemøtet, er overrraska at denne situasjonen ikkje ser ut til å verke meir inn på bedehusfolket. I alle fall ikkje slik at ein berre vil organisere seg på bedehuset.

Men dei som vel å gå på dei månadlege gudstenestene i Sunnmørskirka, legg meir vekt på kyrkjesituasjonen. Sist årsmøte i den forsamlinga vedtok samrøystes å gå inn for å søkje om registrering som eige kyrkjesamfunn. I samarbeid med ImF vil ein utforme ein søknad for å prøve å få registrering i løpet av 2008.

ImF vil også drøfte med Misjonssambandet og Normisjon korleis ein kan finne gode og fornuftige ordningar for dei som står kyrkjelause.

- Innan vår organisasjon er det ulike signal på kva ein ønskjer. Nokon åtvarar sterkt mot å få fleire sjølvstendige kyrkjesamfunn innan ImF. Men IM-kirken i Åsane er der allereie, Sunnmørskyrkja har gjort intensjonsvedtak og det vert arbeidd med spørsmålet både i Fredheim i Sandnes og i Bergen Indremisjon.

Furnes seier at somme meiner det ikkje vert eit skikkeleg heilskapleg og «seriøst» alternativ før det skjer ei registrering.

- Fleire har tatt kontakt med meg om dette, både av potensielle medlemer i Sunnmørskirka, men også frå kyrkjeleg hald. Dei synest at det vil vere ryddigare om Sunnmørskirka vart registert. Det handlar først og fremst om kva ein kommuniserer.


DM