VALVAKE: Det vart ein tung valkveld for ekteparet Moltu. Marita Moltu kom ikkje inn i Bergen bystyre, og Tomas Moltu kom heller ikkje inn i fylkes­tinget i Vestland.

Veteranen Marita må følgje politikken frå utsida

Sju folkevalde og 0,4 prosent oppslutnad vart resultatet for PDK i årets kommuneval. Dei er ikkje nøgde etter at partiet har gjort sitt beste kommuneval.

Partiet Dei Kristne enda opp med seks kommunestyrerepresentantar, deriblant i Ålesund og Kristiansand, i tillegg til ein representant på fylkestinget i Agder.

I Bergen har partiet hatt to representantar dei siste to åra, etter at varaordførar Marita Moltu og Elisabeth Leirgul melde overgong frå KrF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Duoen toppa lista til PDK i år, og Moltu sa i valkampen at dei trudde på å få ein representant, men at dei håpa på to.

Partiet har vore inn og ut på målingane, men då stemmene var talt opp, viste det seg at ingen frå PDK kom inn i Bergen bystyre. Heller ikkje byens varaordførar.

– Det var overraskande. Vi fekk nesten 1100 stemmer, og mangla berre 300 på eit mandat. Det skulle ikkje så mykje til for å få det til, men no gjekk det ikkje, seier Moltu.

Mista veljarar til FNB

Ho trur at det nystarta partiet Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) har henta nokre av stemmene PDK mangla.

– Eg trur at bompengepartiet har teke nokre av våre veljarar, som elles hadde stemt på oss. Dei har blitt så store at dei har nok teke veljarar frå oss også, meiner Moltu.

I tillegg meiner ho at media har «ekskludert» partiet frå valgomatar og debattar.

– Eg har registrert ignoransen i media mot vårt parti. Berre NRK tok oss med i valgomaten sin, og det har usynleggjort oss. Eg synest det er kritikkverdig. Vi hadde vore meir synlege og folk hadde visst meir om oss, dersom vi hadde blitt rettferdig behandla av media.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Moltu har site tolv år i Bergen bystyre, først ti år for KrF og dei to siste som utbrytar for PDK. Ho seier at det vert rart å følgje politikken frå utsida.

– Eg er ikkje nedtrykt, og med tanke på situasjonen i Bergen så trur eg ikkje at det vert lett for dei som sit att i bystyret. Eit blodraudt resultat, pluss bompengepartiet, vert ikkje lett. Det vert spanande å følgje det frå utsida, seier den tidlegare varaordføraren.

Skuffa partileiar

I 2015 fekk partiet valt inn tre representantar i kommunane. At partiet fekk inn seks representantar ved årets val, betyr ei dobling. Men dei hadde venta meir.

– Dette er det beste lokalvalet vi har gjort, men vi skulle gjerne gjort det mykje betre. Det er klart at vi er skuffa over at vi ikkje kom inn i Bergen, der det såg bra ut på meiningsmålingane, seier partileiar Erik Selle.

– Er du nøgd med resultatet?

– Nei, vi er ikkje nøgd. Det er mange fleire menneske som er samde med oss. Om alle som var samde med oss hadde stemt på oss, hadde vi vore langt større. Det er den jobben vi har å gjere, å få alle dei til å stemme på oss.

PDK stilte lister i 54 kommunar i årets val, ein nedgang frå 70 kommunar i 2015. Då fekk partiet 7045 stemmer og 0,3 prosent oppslutnad. I år enda dei opp med 10.418 stemmer, og 0,4 prosent oppslutnad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Inspirert av MDG og Raudt

Selle meiner at PDK kjem til å få eit gjennombrot, men at ein må jobbe hardt over tid. Han hentar inspirasjon frå MDG, som venta 25 år på sitt politiske gjennombrot.

– Vi ser korleis Rødt har blitt favorisert i valkampen av dei etablerte media og likevel brukt så lang tid på å kome dit dei er i dag. Sjå på MDG som vart starta i 1990, og som var usynlege fram til 2015. Plutseleg har dei fått eit løft no, men dei har venta ganske mange år.

– De gjer endå eit val under ein prosent. Har PDK-prosjektet stagnert?

– Nei, det opplever eg ikkje. Valresultatet viser ikkje at vi har stagnert. Vi har hatt ein fantastisk valkamp, og vi har bygd ein organisasjon med fantastisk innsats frå menneske over heile Noreg. Vi kom inn igjen i Bømlo og Vennesla. Det betyr at veljarane der vil ha oss vidare. Det er ei enorm tillitserklæring, seier partileiaren.

«Full trøkk» i Kristiansand

I nye Kristiansand kommune er PDK for første gong inne med ein representant i bystyret. Listetopp Odd Terje Høyland er nøgd med resultatet og med valkampen lokalt.

– No er vi på bana og er synlege, og er klare for å gyve laus i forhandlingar for å sjå kva vi kan gjere med mandatet vi har. Uansett skal vi gi full trøkk, seier Høyland, som presiserer at personstemmene ikkje er talt opp, og at dei har profilert andre kandidaten sin som ordførarkandidat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Valet i sørlandshovudstaden vart tidenes protestval. Demokratane fekk over 13 prosent av stemme, og bystyret kjem til å bestå av 13 parti dei neste fire åra. Mykje av skulda får den utskjelte «Kunstsiloen» i byen.

Høyland er glad for at PDK er med på protestbølgja i byen og meiner at politikarane i Ap og Høgre må lytte til folket.

– Det har vore ganske stor konsensus om at folk ikkje har blitt høyrt, noko som har gitt grobotn for protestparti. Eg vil seie at Ap og Høgre må ta valresultatet som ein indikasjon på at her er det på tide med endring, seier PDK-­politikaren.

Etter at personstemmene var talt opp måndag kveld, viste det seg at det er tredje kandidat Lill May Vestly som skal representere PDK i Kristiansand bystyre.

Partiet Dei Kristne

10418 stemmer og 0,4 prosent oppslutnad nasjonalt.

Seks representantar i kommunane, fordelt på Kristiansand, Ålesund, Froland, Bømlo, Vennesla og Notodden.

Ein fylkestingsrepresentant i Agder.

Cirka 3000 fleire stemmer enn i 2015, og dobbelt så mange representantar i kommunane.