Varslar nye reglar for friskular

Kunnskapsministaren erklærer at han er positiv til friskular i språkopplæring for flyktningar. Sygna er optimistisk.

– Dette er så positivt som ein kunne håpe på, seier rektor Joakim Hector ved Sygna vidaregåande skule i Balestrand.

Den kristne friskulenfekk avslag frå Utdanningsdirektoratet på søknaden om å undervise flyktningar i norsk og samfunnskunnskap. Grunnen er at dei er friskule og ikkje har lov å drive den type verksemd, trass i at Balestrand kommune bad dei om å ta undervisninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter at Dagen omtala avslaget,stilte stortingsrepresentantane Bente Thorsen (Frp) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) skriftleg spørsmål til kunnskapsministar Torbjørn Røe Isaksen.

I svara understrekar statsråden at han ikkje kan gå inn i Sygna-saka sidan Kunnskapsdepartementet er klageinstans.

Les mer:Sygna fekk avslag fordi dei er friskule

Vil endre reglar

Men han opplyser at det er regelendringar på gong: Forskrifta som hindra Sygna å undervise flyktningar skal endrast. Forslag til nye reglar vert sendt på høyring i vår.

«Vi vil vurdere en viss oppmykning av dette» (regelverket for tilleggsvirksomhet, journ. merk), skriver Røe Isaksen i svaret til Ropstad. Endringar vil truleg tre i kraft frå skulestart allereie i haust.

Han gjev også signal om at han vil gje større rom forfriskular.

«Jeg er positiv til bidrag fra friskolene i språkopplæringen for flyktninger», skriv Røe Isaksen i svaret til Ropstad.

Les kunnskapsministaren sitt svar til Bente Thorsenher.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les kunnskapsministarens sitt svar til Kjell Ingolf Ropstadher.

10-15 flyktningar

Svaret frå Røe Isaksen får rektoren i Sogn til å håpe på at han snart kan helse 10-15 flyktningar velkomne til opplæring på skulen.

– Det er ein spesiell situasjon her i Balestrand, men det er fint at han sender signaler som gjeld alle friskular, seier Hector.

Sygna er eigd og driven av Norsk Luthersk Misjonssamband og har 178 elevar. Rundt 145 elever bur på internatet. Flyktningane som det er søkt om, skal bu i bygda og bli integrert der.

Les også lederartikkel:Foreldrenes lommebok skal ikke avgjøre

Forventer ja

Kunnskapsministarens svar blir tolka positivt at både Ropstad og Thorsen. Ropstad reknar med at svaret betyr at Røe Isaksen vil gje Sygna medhald i anken.

– Absolutt! Det har eg tru på at han no vil gjere, skriv Ropstad til Dagen.

Bente Thorsen er nøgd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Personleg er eg positiv til at friskular skal kunne selje tenester til kommunar for å imøtekomme retten til norskundervisning og samfunnskunnskap for asylsøkjarar som har rett på dette, skriv Thorsen.

Det var Kristeleg Pressekontor som først omtalte saka.

Les også:Røe Isaksen mener flyktningbarn blir test for norsk skole

– Latterleg trongt

Generalsekretær Jan Erik Sundby i Kristne Friskolers Forbund ser fram til den varsla oppmjukinga av regelverket.

– Vi har heile tida meint at det bør vere noko større rom for å drive anna verksemd. Av og til blir det latterleg trongt. Det har vi sett no i Sygna-saka, seier Sundby.

Han viser til Tryggheim skular på Nærbø på Jæren, som eig aksjar i ein idrettshall. Det har løyst behovet for elevane for å ha idrettshall, men Utdanningsdirektoratet seier nei til den type eigarskap.

– Det synest vi er for stivbeint. Vi kan ikkje forstå at det at det er eit trugsmål mot at elevane får det dei skal, seier Sundby.

– Kva type verksemder kan vi vente oss når reglane blir vidare?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eksempelet frå Sygna er godt. Skular vil også kunne tilby kurs. Naturbruksskular har erfaring med å drive kurs for dei som er i næringa. Det vil bli mogeleg å utnytte rom og hus betre, seier Sundby.

Les også:Gjenbruk til flyktninger

Tok utbyte

Lova slår fast at alle inntekter frå skuledrifta skal kome elevane til gode. Tidlegare har det vore avslørt at den private skulekjeda John Bauer omgjekk forbodet mot å ta utbytte frå skuledrifta med å overprise tenester i skulen.

– Har du forståing for at regelverket må vere strengt for å unngå at aktørar hentar ut overskot?

– Det har vore døme på at det har skjedd, men dei døma finn du nok ikkje mellom våre medlemer. Alle våre medlemer er inne i langsiktig skuleverksemd. Då kan du ikkje drenere ut pengar, fordi skulen då vert dårlegare, seier Sundby.

Les også:Oppfordrer kristne til mer etisk handel