BØNETID: Muslimar på veg til fredagsbøn i Köln i oktober. For første gong vart ropt inn til bøn i det som er ein av dei største moskéane i Tyskland.

Tyskland vil utdanne fleire muslimske leiarar sjølv

Styresmaktene vil styrke integreringa ved å redusere importen av imamar.

I mange tyske moskear preikar imamar som verken er fødde eller utdanna i Tyskland. Det vil innanriksminister Nancy Faeser endre, skriv Kristeligt Dagblad.

Ved opninga av Tysk islamkonferanse i førre veke sa ministeren at ho gradvis vil ha færre imamar frå andre land. Målet er at det etter kvart skal bli slutt på slik import.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

IDENTITET: Innanriksminister Nancy Faeser er oppteken av å få fleire imamar som kjenner tysk språk og kultur.

Jødehat mellom muslimar er også eit tema som statsråden vil ta fatt i, melder Die Welt.

Mange frå Tyrkia

Faser meiner det er viktig med imamar som er sosialiserte i Tyskland og er utdanna på det tyske språket. Dersom tyske muslimar i mindre grad vert avhengige av å få inn leiarar frå andre land, trur ho det vil bli lettare å finne seg til rette med trua si i Tyskland.

Mange muslimar har tyrkisk bakgrunn. Det har ført til at mange imamar også er komne frå Tyrkia.

– Ein naturleg del av samfunnet

Departmentsjef Juliane Seifert har vore i Ankara og diskutert reduksjon i tilstrøyminga av tyrkiske imamar til Tyskland med styresmaktene i Tyrkia, skriv Kristeligt Dagblad.

Målet skal ikkje vere å stoppe dette frå den eine dagen til den neste. I staden ønskjer ein å utarbeide ein forpliktande plan i samarbeid med muslimske trussamfunn. På sikt vil ein at alle imamar i tyske moskear skal vere tyske.

Styresmaktene meiner det også vil kunne medverke til å kjempe mot jødehat og intoleranse mellom muslimar.

– Muslimar er ein naturleg del av samfunnet vårt, seier Nancy Faeser ifølgje Frankfurter Allgemeine Zeitung.

Ho understreker at ho også vil kjempe imot muslimhat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sterk muslimsk vekst

Den tyske regjeringa vil stykje arbeidet for å møte dei åndelege behova til muslimar, mellom anna i militæret og fengselsvesenet.

Muslimar utgjer mellom 6,4 og 6,7 prosent av befolkninga i Tyskland, ifølgje Deutsche Welle.

I perioden 2010 til 2016 auka prosentdelen av muslimar i Tyskland frå 4,1 til 6,1 prosent, ifølgje Pew Research Center.

Talet gjekk opp i samband med den internasjonale flyktningkrisa. Dåverande forbundskansler Angela Merkel vart kjend for utsegna «Wir schaffen das» (Vi klarer det) i møte med den internasjonale flyktningkrisa.

Det er venta at muslimar vil utgjere ein veksande del av befolkninga. Dei er yngre enn tyskarar flest, og dei får fleire barn.

Utdannar fleire

Fleire utdanningsinstitusjonar i Tyskland har begynt å utdanne islamske teologar. Det same har den tysk-tyskiske organisasjonen Ditib gjort. Denne er styrt av den tyskiske regjeringa.

Mange moskear har problem med å løne ein eigen imam. Ifølgje informasjon frå universitetet i Osnabrück løner tyrkiske styresmakter 800-900 imamar i Tyskland.

Den tyske islamkonferansen vart etablert i 2006. Siktemålet er å styrkje dialog mellom islamske trussamfunn, styresmaktene og andre trussamfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Omdiskutert konferanse

Samansetjinga av dei 160 deltakarane, som også omfattar kristne og jødiske leiarar, har stadig vore gjenstand for debatt. Somme har etterlyst sekulære muslimar. Andre har etterlyst vilje til å ta opp politisk islamisme.

Faeser avviser kritikken med at det ikkje dreiar seg om ein tryggingskonferanse.

– Muslimar må ikkje verte utsette for ein generell mistanke om ekstremisme, seier ho.