Illustrasjonsfoto: Harald Groven/CC/Flickr

Tomme bedehus til sals

Landet rundt er tomme bedehus til sals. Verdien vert styrt av plasseringa til tomta, for sjølve bygga er ofte lite haldne ved like.

På 1970-talet var det aktivitet i over 3.000 i landet, no er talet om lag halvparten. Dei tomme bedehusa er til sals mange stader i landet, skriv Aftenposten.

– Bedehusa vart bygde på dugnad før bilen, ofte enkelt innreidd med eit kjøken, ein stor og ein liten sal. I dag krev sjølv det nøkterne bedehusfolket betre standard, med internett og god parkering, seier Olav Aagedal, forskar med doktorgrad i bedehuskulturen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eigedomsmeklar Jan Terje Øygarden i Estate Meglerhuset Arendal seier til avisa at det er tomta som betyr noko fordi bygga er dårleg eigna til andre føremål og er dårleg haldne ved like.

I nokre tilfelle er bedehuslydane sjølve som sel bedehusa, fordi dei flyttar inn i nyare samlingshus.

Les også
Frå mange bedehus til få forsamlingar
Les også
Legg strategisk plan for bedehusa
Les også
Bygger bedehus til 70 millioner
Les også
Gammelt bedehus blir ortodoks menighet
Les også
Pinsemenighet kjøpte hotell