Syrgjer med dei som syrgjer

Ofte får eg spørsmål om korleis det er å bu i Israel. Merkar me noko til uroa sjølve? Eigentleg kan eg svare både ja og nei til dette. På ein måte er det slik at me lever liva våre, kvardagane våre, familieliva våre på same vis som ein ville gjort kvar som helst, - og vert ikkje særleg påverka av uroa som folk over heile verda høyrer om frå landet me bur i. Samstundes kan ein ikkje anna enn gråte med dei stakkars menneska som vert offer for terroren som er retta mot landet vårt og alle dets jødiske innbyggjarar.



Me er gjerne fødde med ei viss evne til medkjendsle, så det er berre naturleg at me syrgjer med dei som syrgjer. Kjendsla me får her vil eg likevel påstå at vert endå djupare enn ei vanleg medkjendsle. Når eg høyrer om ein soldat som vert drept, og at han hadde kone og born heime - så tenkjer eg at det kunne vore oss... Seth tener i Det Israelske Forsvaret i aktiv teneste fleire veker i året. Det er slike soldatar me ofte høyrer om, vanlege folk som har sine sivile liv i tillegg til tenesta dei gjer i militæret. Det kjem så mykje nærmare når ein faktisk kan relatere til offera.



Denne veka har eg tenkt ein del på dei stakkars familiane i Hebron, som sist helg fekk sønene sine heim på sabbatsfri frå den vanlege militærtenesta si. Desse var unge gutar som var i si vanlege treårige teneste. Gutane hadde alltid likt å gå tur ute i naturen, og kom frå sionistiske familiar der dei hadde lært å vere glad i landet Gud har gitt dei. Vel, på akkurat denne turen vart dei overraska av terroristar som skot og drap begge to. Ei veninne som var med, klarte heldigvis å gøyme seg og kom frå det heile uskadd, iallefall reint fysisk.



Gutane, som vart gravlagt dagen etter, etterlot seg foreldre og store søskenflokkar. Drapsmennene er Fatah-menn betalt av Abu Mazen, eller rettare sagt med dei pengene han får av sine Òinternasjonale støttespelarar", der Noreg så absolutt kan reknast med.



Og her sit eg, saman med resten av landets mødre, og tenkjer på våre eigne born som kunne vore eller vil vekse opp til ein gong å kunne verte offer for liknande terror. Jo, det er klårt at uroa påverkar oss. Me gret med dei som gret, og kjenner det som om dei mest er familie, for dei er våre landsmenn, og sidan dette var årsaka for terroren, at det kunne vore oss...

SHALOM FRÅ JERUSALEM

Te'ena Østhus Ben-Haim.