Sygna får framleis ikkje lov å undervise flyktningar

– Eg er skuffa over avslaget. Men det er ikkje skule vår - men saka - som taper på denne avgjerda, seier rektor Joakim Hector.

– Det var behov for innsatsen vår, og dette var eit ynskje frå kommunen, seier rektor Joakim Hector på Sygna vidaregåande skule i Balestrand i Sogn og Fjordane til Dagen.

Denne veka fekk skulen avslag frå Kunnskapsdepartementet på å få dispensasjon frå friskulelova for å gje opplæring etter introduksjonslova på vegne av Balestrand kommune.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også:Avslaget til Sygna havner på statsrådens bord

– Ville hatt positiv effekt

Han legg til at kommunen har allereie har starta språkopplæringa for flyktningane, og den vil halde fram.

– Men vi tenkte at dette var eit aktuelt oppdrag for en kristen skule, der vi kunne integrere flyktningane inn i opplæringa vår på en fin måte. Dette ville jo ha vore ein positiv effekt for alle partar, meiner Hector.

Rektoren tek avslaget til etterretning.

– Men eg hadde håpa at styresmaktene kunne sjå dette i ein større samanheng på ein liten stad som Balestrand, seier Joakim Hector.

Han legg til at dei no vil vurdere kva dei skal gjere med saka vidare.

Strenge krav

I avslaget understrekar departementet at dei verdset at friskular ynskjer å ta samfunnsansvar og å bidra til lokalsamfunnet.

«Selv om friskoler besitter lærerressurser som ville vært i stand til å gi undervisning etter introduksjonsloven, finner departementet at slik virksomhet ikke er nært tilknyttet til opplæring etter friskoleloven. Å åpne for slik tilleggsvirksomhet vil kunne medføre utfordringer som regelverket ikke gir en klar løsning på», heiter det i avslaget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vakte oppsikt i vinter at den kristne vidaregåande skulen i Balestrand i Sognikkje fekk undervise flyktningar i norsk og samfunnskunnskap fordi dei er friskule. Det er strenge krav i friskulelova som gjer at Utdanningsdirektoratet gav dei avslag på å drive med slik opplæring, trass i at Balestrand kommune ba skulen om det. Det var KPK som først omtalte saka.

Då Sygna klaga på avslaget, gjorde Utdanningsdirektoraret ei ny vurdering og fastheldt avslaget.

Direktoratet foreslo også ei løysing med at lærarar ved Sygna kunne tilsetjast av kommunen i den utstrekninga dei ynskjer og har kapasitet.

Det er inga god løysing, meinte Balestrands kommunalsjef for oppvekst og kultur, Kari H. Rønnestad.

– Det er ofte personar frå utanfor Balestrand som søkjer spesifikt på Sygna. Når vi ynskjer å tilsetje på kommunalt nivå, er det ikkje alltid at dei ynskjer det. Det høyrest enkelt ut, men det er ikkje alltid så praktisk, sa Rønnestad til Dagen i vår.

Ho minnar om at Balestrand er ein liten kommune med 1300 innbyggjarar.

– Vi er ikkje ein stor kommune med flust av skular å velje og vrake i. Vi er knallheldige som har Sygna. Får vi ikkje innpass på Sygna, har vi ikkje noko alternativ, sa Rønnestad, som understreka at det er det store læringsmiljøet på Sygna dei ynskjer del i.

Les også:Røe Isaksen varslar nye reglar for friskular

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Spørsmål til statsråden

Etter at Dagen omtalte avslaget, stilte stortingsrepresentantane Bente Thorsen (Frp) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) skriftleg spørsmål til kunnskapsministar Torbjørn Røe Isaksen.

I svara understreka statsråden at han ikkje kunne gå inn i Sygna-saka sidan Kunnskapsdepartementet er klageinstans.

Men han opplyste at det var regelendringar på gong: Forskrifta som hindra Sygna å undervise flyktningar skulle endrast. Forslag til nye reglar skulle sendast på høyring i vår.

«Vi vil vurdere en viss oppmykning av dette» (regelverket for tilleggsverksemd, journ. merk), skreiv Røe Isaksen i svaret til Ropstad.

Røe Isaksen gav også signal om at han ville gje større rom for friskular.

«Jeg er positiv til bidrag fra friskolene i språkopplæringen for flyktninger», skreiv Røe Isaksen til Ropstad.