ROSANDE OMTALE: Den avdøde amerikanske forretningsmannen S. Truett Cathy vert heidra som ein stor kristen forretningsmann. Chick–fil-A

Stengde på søndag, vart milliardær

Den amerikanske mangemilliardæren S. Truett Cathy (93) er død. Gjennom meir enn 50 år var han søndagsskulelærar.

Grunnleggjaren av den store amerikanske hurtigmatkjeda Chic–fil–A døydde måndag denne veka, 93 år gammal. S. Truett Cathy begynte med ein liten restaurant i utkanten av Atlanta i 1946. Sidan leia han verksemda gjennom 47 år med samanhengande vekst, ifølgjenettsidene til selskapet.

Som eit av dei største familieeigde selskapa i USA omsette Chic–fil–A i fjor for over 30 milliardar kroner. Kjeda har meir enn 1.800 restaurantar i 40 delstatar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forbes–lista over amerikanske milliardærar kom Caty i mars på 224. plass, med ein formue på drygt 39 milliardar kroner.

Var søndagsskulelærar

Eit av særprega til Chic–fil–A er at kjeda heile vegen har halde stengt på søndagar. Sørstatsbaptisten Cathy var i over 50 år søndagsskulelærar for 13 år gamle gutar. Ut frå bibelske prinsipp meinte han tilsette hadde bruk for ein kviledag med tid til familie, gudstenestefeiring, fellesskap og avkopling. Han var også oppteken av at verksemda ikkje berre skulle tene pengar og servere kundane kylling.

– Vi bør vere ein del av livet til kundane våre og lokalsamfunna vi tener, sa han.

Han fekk ei lang rekkje prisar for den humanitære innsatsen sin. Siden 2001 har sonen Dan Cathy leia selskapet.

– Ekstremt generøs

Fleire profilar i amerikansk politikk og kristenliv har heidra den avlidne forretningsmannen. Mellom desse er megakyrkjepastor Rick Warren og Franklin Graham i Billy Graham Evangelistic Association. Sistnemnde omtalar Cathy som snill og ekstremt generøs.

«Eg kjende Cathy i mange år, og hadde privilegiet av å køyre motorsykkel med han. Han var ein fin kristen gentleman som praktiserte dei kristne forretningsprinsippa sine livet gjennom», skriv Graham pånettsidene til organisasjonen han leier.

Speaker i Representanthuset i Kongressen, John Boehner, omtalar påTwitter Cathy som ein stor entreprenør som handsama sine tilsette godt.

Skapte strid

I 2012 vart det eit stort oppstyr rundt Chirck–fil–A etter at Dan Cathy gjekk ut med støtte til den tradisjonelle ekteskapsforståinga. Seinare har han kunngjort at Chick–fil–A ikkje vil ha nokon politisk agenda om ekteskap og familie. Likevel stod han fast på det kristne verdigrunnlaget til selskapet, ifølgjeChristian Post.