«Selfie» og sjølvbilde

-  Der­som ver­di­en ikkje er gitt og iden­ti­te­ten er noko vi sjølv må skape, er det nær­lig­gan­de å tenke at ein «er» det andre ser.

Sjølv­por­trett er siste skrik. Knip­sa på arm­leng­des av­stand med mo­bi­len, vel å merke, og delt via so­sia­le media. Eit sel­fie, altså, som av svært for­ståe­le­ge grun­nar vart kåra til ny­or­det for 2013 og der­med teke inn i den be­røm­te Ox­ford Dic­tio­na­ry.

Fe­no­me­net tok nem­leg så sterkt av i fjor at bru­ken auka med utru­le­ge 17.000 pro­sent på eitt år. Kjen­di­sar innan un­der­hald­ning, po­li­tikk og re­li­gion er sjølv­sagt med på no­te­ne, in­klu­dert pave Frans, som då òg vart kåra som årets per­son i 2013. Men ho­vud­saka er at folk flest har om­fam­na dette mo­der­ne sjølv­por­tret­tet, ikkje minst dei unge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heilt nytt er det då ikkje. Ordet dukka opp på eit au­st­ralsk nett­fo­rum i 2002. Midt på førre ti­året var sel­fi­en ei meir ama­tør­mes­sig sak på nett­sta­den MyS­pace, før Face­bo­ok tok over og smart­te­le­fo­nen med ka­me­ra på begge sider kom ved ut­gan­gen av 2010. Då gjor­de òg In­sta­gram sitt inn­tog, og der­med låg alt til rette for ei eks­plo­sjons­arta ut­brei­ing av sel­fi­en.

Mykje har då òg vorte skri­ve om fe­no­me­net, frå dei mest for­skjel­li­ge inn­falls­vink­lar. Men of­tast, og med god grunn, er fokus retta mot sjøl­ve kjer­na ved sel­fi­en: «Sjå meg». Det er nem­leg ingen grunn til å tvile på den un­der­lig­gan­de hen­sik­ten: Flest muleg kom­men­ta­rar og stad­fes­tin­gar på at ein er vak­ker, in­ter­es­sant og lever eit spa­nan­de liv.

«Sel­fies hand­ler om re­flek­sjon, iden­ti­tet og an­er­kjen­nel­se», seier psy­ko­log Ceci­lie Schou An­dre­as­sen i eit in­ter­vju på VG nett. An­dre­as­sen fors­kar på so­sia­le media, og pei­kar på det fak­tum at sel­fi­en gir oss muleg­heit til å «pre­sen­te­re sel­vet slik vi øns­ker det skal være, ved å re­di­ge­re, slet­te og re­tu­sje­re.»

Om vi så kop­lar dette til sam­ti­da si vekt­leg­ging av image og pre­sta­sjo­nar i re­la­sjon til opp­le­ving av iden­ti­tet og verdi, ser vi noko av ut­ford­rin­ga ved fe­no­me­net sel­fie. For der­som ver­di­en ikkje er gitt og iden­ti­te­ten er noko vi sjølv må skape, er det nær­lig­gan­de å tenke at ein «er» det andre ser. Kva så med sel­fi­en og eit sunt sjølv­bil­de?

På denne bak­grun­nen und­rar det meg når leia­ren av språk­rå­det ut­ta­lar at sjølv­bil­de kunne vere eit godt og mo­ro­samt av­løy­sar­ord for sel­fie. Her ser eg mest humor, men for­står av Af­ten­pos­ten Inn­sikt 1/2014 at dette fak­tisk er eit reelt for­slag, slik òg «selv­is», «selv­knips» og «selv­skudd» er.

Skul­le sel­fie bli sjølv­bil­de på norsk, er det etter mi mei­ning duka for meir enn ei språk­leg for­vir­ring. Ikkje minst for dei mange unge som slit med låg sjølv­kjens­le i ei sam­tid der iden­ti­te­ten til stor grad er flyt­ta utan­på, vil sten­dig nye re­di­ger­te og re­tu­sjer­te sel­fies langt frå bidra til eit sunt sjølv­bi­le­te. Iro­nisk, eller kva?

Når Schou An­dre­as­sen på si side re­fe­re­rer til at sel­fie-fe­no­me­net kan se­tjast i sa­man­heng med nar­sis­sis­me og sjå­ast som for­len­ging av ei sterk sjølv­sen­tre­ring, er også det eit as­pekt vi lett både ser og for­står. Frå eit bi­belsk per­spek­tiv er ego­is­ten i oss ty­de­leg grunn­gitt. I ei sam­tid som vår vert då òg denne sida ved oss sterkt trig­ga - og gitt store ut­fal­dingsmuleg­hei­ter.

La oss ta ut­ford­rin­ga som sel­fi­en gir oss til ver­ke­leg å sjå kvar­and­re i kvar­da­gen - og hjel­pe kvar­and­re til eit sunt sjølv­bil­de!