DEMOKRATI: Rektor Sven Wågen Sæther på Borgund Folkehøgskole (Borg) i Ålesund meiner at dei må ha rett til seie nei til arrangørar som står for verdiar på tvers av det eigarorganisasjonen gjer. Foto: Bjørn Arild Hatlem

Seier nei til Skeiv Ungdom

No vil organisasjonen at Borgund Folkehøgskule skal miste statsstøtten.

Borgund folkehøgskole i Ålesund er opprørt over at dei homofile vil at dei skal miste statsstøtte fordi Skeiv Ungdom ikkje fekk leige skulen til sommarfestival.
- Vi trur at det ville ha vore uheldig for Sunnmøre Indremisjon, som eig skulen, å profilere seg som utleigar til Skeiv Ungdom og dette arrangement, seier rektor Sven Wågen Sæther til DagenMagazinet.

Må ha lov å velje

På VG nett torsdag kveld klaga homofestival-sjef Gabriel Kjølsø-Morkemo på at Skeiv Ungdom ikkje fekk leige den kristne skulen til Skeiv Ungdom sin årvisse sommarfestival.
- Eit vertskap som eig ein stad må ha lov å velje kven ein vil leige ut til. Ut frå retningslinjene våre kan det også vere andre organisasjonar og tiltak som det er uaktuelt å leige ut til, seier Sæther.

Kritisk til haldningane

Leiar i Landsforeningen for homofile, lesbiske, bifile og transpersoner (LLH), Bård Nylund, sa til VG Nett at han stiller seg svært kritisk til at ein skule som mottek statsstøtte frontar slike haldningar.
- Dette blir lett det liberale tyranni. Dersom du ikkje du godtar alt hos alle, har ikkje du rett til eksistens. Men på dette viset godtar heller ikkje dei liberale alle andre, seier Sæther til DagenMagazinet.

Urovekkande argumentasjon

Han synest denne argumentasjonen frå dei homofile sine organisasjonar er urovekkande.
- Dei koplar dette til statsstøtte som om det er staten sin jobb ved hjelp av kapitalflyten sin å einsrette samfunnet. Då blir det ikkje mange som vågar å stå fram i samfunnsdebatten med standpunkt som ikkje er hovudstraums, men som vi vil byggje institusjonane våre på.
Rektoren seier at kvaliteten på eit samfunn kjenneteiknast ikkje på korleis ein tar vare på fleirtalsmeininga, men på ivaretakinga av dei mange mindretala.
-Det har kome ei ekteskapslov som seier at samkjønna og tokjønna ekteskap er likestilt. Er staten medviten på å sikre den demokratiske retten for organisasjonar til å hevde at ekteskapet skal byggje på Guds ord og at det skal vere mellom mann og kvinne? spør Sæther.

Farleg einsretting

I Noreg står staten for ein svært stor del av kapitalforvaltninga. Skal du ha eit mangfald i samfunnsdebatten her i landet, og skal du ivareta organisasjonar sin demokratiske rett til å drive utdanning og institusjonar i samsvar med sitt verdigrunnlag, må regjeringa gje statsstøtte også til dei som dei er ueinige med. Elles blir det ei farleg einsretting, seier rektoren påBorgund Folkehøgskole .