Salmebok kan slå alle prisrekordar

I dag skal USAs eldste bok ut på auksjon. Eksemplaret av Bay Psalm Book er venta å bli verdas dyraste på den opne markaden.

Na­tur­leg nok var dei pu­ri­tans­ke leia­ra­ne i den ny­etab­ler­te Mas­sachu­setts Bay Co­lo­ny stol­te i 1640. Då kunne dei nem­leg pre­sen­te­re si eiga om­set­jing av dei 150 sal­ma­ne i Det gamle tes­ta­men­tet, trykt i Den nye verda.

Am­bi­sjo­nen var at ko­lo­ni­en skul­le vere eit kraft­sen­ter for kul­tur og ut­dan­ning, på bi­belsk grunn. Men pio­ne­ra­ne venta neppe at eit ek­semp­lar av boka, som vart seld for 20 pence, drygt 370 år sei­na­re skul­le haeinfor­ven­ta pris på mel­lom 15 og 30 mil­lio­nar dol­lar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Aldri har eit ek­semp­lar av ei bok gått til ein så høg pris, men det kan skje hosauk­sjons­hu­set Sot­he­by´s i New York tirsdag 26. november.

Song bi­bel­sal­mar

Opp­la­get på 1.700 var i 1640 rekna som lov­leg op­ti­mis­tisk, sidan det berre budde 3.500 fa­mi­li­ar i ko­lo­ni­en. Men boka var ein stor suk­sess. Etter kvart vart ho mest kjend for å vere sjel­dan, mel­der Re­li­gious News Ser­vice.

Tru­leg vart dei fles­te ek­semp­la­ra ut­slit­ne, medan nokre over­lev­de som re­li­kvi­ar frå ei svun­nen tid. Etter kvart vart det nem­leg van­leg å synge hym­ner og ikkje berre bi­bels­ke sal­mar. Bi­belsk salme­song hadde nem­leg vore idea­let i tra­di­sjo­nen etter re­for­ma­to­ren Jean Cal­vin (1509-54), som pu­ri­ta­na­ra­ne til­høyr­de.

Sjel­dan skatt

I løpet av 1800-ta­let fanst det berre el­le­ve ek­semp­lar att av salme­boka. Då inn­såg ame­ri­kans­ke bok­sam­la­rar at dei nes­ten hadde mista grunn­do­ku­men­tet sitt.

Salme­boka er nem­leg det same for bok­sam­la­rar i USA som Gu­ten­berg-bi­be­len er for bok­sam­la­rar på verds­ba­sis. Denne bi­bel­ut­gå­va kom på 1450-ta­let og var det førs­te som vart trykt med lause typar. Ho star­ta med det den mo­der­ne pub­li­se­rings­re­vo­lu­sjo­nen. Men av denne bi­be­len finst det «heile» 48 ek­semp­lar.

Li­be­ral ut­vik­ling

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei fles­te av dei el­le­ve ek­semp­la­ra av den ame­ri­kans­ke sam­le­boka er i dag eigd av in­sti­tu­sjo­nar, som neppe nokon gong vil selje dei. Eit vik­tig unn­tak ehar vore Old South Church i Bos­ton, som har eigd to ek­semp­lar. Kunne dei kan­skje selje ein? Nei. Fram til i år har be­ta­lings­vil­li­ge kjø­pa­rar vorte sende tom­hend­te heim.

Som så mange andre gamle kyr­kje­ly­dar i New Eng­land har denne gått i li­be­ral ret­ning, bort frå arven om å sjå Bi­be­len som ein ufeil­bar­leg rett­lei­ar ikkje berre til frel­se, men også til po­li­tisk sty­ring. Verk­sem­da er i dag retta mot fat­ti­ge og mar­gi­na­li­ser­te. Då Nancy Taylor vart inn­sett som førs­te kvin­ne­le­ge pas­tor i 2005, ut­tryk­te ho uro for kor­leis kyr­kje­ly­den skul­le greie å opp­rett­hal­de dei rundt 30 pro­gram­ma sine for hjelpe­tren­gan­de. Etter til dels bit­ter de­batt av­gjor­de kyr­kje­ly­den å selje det dår­le­gas­te ek­semp­la­ret av salme­boka.

Krist­ne in­ter­es­sen­tar

Dei siste må­na­de­ne har boka vore på turné til åtte ame­ri­kans­ke stor­byar, med eigen trygg­leik­svakt om bord i flyet. Håpet har vore at flei­re po­ten­si­el­le kjø­pa­rar skal ha fanga in­ter­es­se. Det er mange per­son­ar med sterk re­li­giøs over­ty­ding på ma­ga­si­net For­bes´ lis­ter over dei 400 ri­kas­te i USA, på­pei­kar David Red­den ved Sot­he­bys over­for Re­li­gious News Ser­vice.

Ein mo­ge­leg kan­di­dat er Green-fa­mi­li­en som eig Hobby Lob­by-kje­den. Desse er for tida i vin­den fordi dei kjem­par mot Oba­mas helse­re­form i retts­ve­se­net. Men dei har også gjort seg kjen­de for å samle sjeld­ne gjen­stan­dar frå kris­ten his­to­rie og er i ferd med å byg­gje eit bi­bel­mu­se­um som skal opne utan­for Wash­ing­ton D. C. i 2017.