FÅ VELJER RLE: Dagens lærarstudentar kan gå heile utdanninga utan éin time religionsundervisning. – Det er katastrofalt i eit samfunn der religiøsitet blir meir synleg i det offentlege rom, enn då RLE var obligatorisk, seier høgskulelektor ved NLA, Berit Nøst Dale.

RLE-faget stuper blant lærarane

Ein nyutdanna lærar har no 70 prosent mindre RLE i bagasjen enn dei som var utdanna for fire år sidan. Høgskulelektor åtvarar mot at ufaglærte underviser i RLE.

Religion, livssyn og etikk-faget er den store taparen når lærarstudentar til grunnskulen skal velje fag i utdanninga si.

– Det er katastrofalt og trist, men ikkje uventa etter reformen som gjorde RLE til eit valfag, seier høgskulelektor i RLE, Berit Nøst Dale, ved NLA.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I snitt har dei som går ut etter fire år med grunnskulelærarutdanning 4 prosent studiepoeng i RLE. Til samanlikning var snittet 14 prosent då faget var obligatorisk i allmennlærarutdanninga.

Det tyder ein nedgang på over 70 prosent.

Tapar mest

RLE er den store taparen når ein samanliknar kva fag lærarstudentane tok i skuleåret 2012/2013, med då faget var obligatorisk før 2010.

Det slår Bjørn Smestad fast i ein artikkel om grunnskolelærarstudentanes kompetanse. Han er studieleiar ved fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og har henta frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH).

Smestad tek atterhald om at tala er henta frå dei tre første studieåra, og at det vil variere mellom lærestadane kva år studentane kan ta RLE-faget.

Må bli obligatorisk

– Det er ei dramatisk verkelegheit. Heilt sidan den nye reforma i lærarutdanninga har vi vore bekymra for kva det vil føre til for kompetansen blant lærarane, seier Bente Afset, instituttleiar for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, til Dagen.

Ho meiner at det er forunderleg at det for 17 år sidan var så stor merksemd rundt KRL-faget og kompetanse på det fleirreligiøse samfunnet i samband med 97-reforma, mens det i dag «plutseleg ikkje er viktig i det heile teke».

– Inntrykket er at trass i auka fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn, satsar ikkje styresmaktene på den kompetansen i lærarutdanninga, seier Afset.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Instituttleiaren krev no å få RLE inn att som obligatorisk fag.

– Vi må prøve å snakke politikarane til fornuft i denne saka, seier ho.

Dårleg undervisning

Også NLA er oppbrakt over dei den drastiske reduksjonen i RLE-kompetansen til lærarstudentane.

– Det tyder at undervisninga i skulen ganske ofte blir handtert av ufaglærte, noko som gjer undervisninga dårleg, seier høgskulelektor Berit Nøst Dale oppgitt.

Dekan Birte Simonsen ved lærerutdanninga hos Universitetet i Agder (UiA), er derimot skeptisk til tala Dagen presenterer.

– Det er vanskeleg å sjå isolert på eit av faga frå den gamle allmennlærarutdanninga. Grunnskulelærarutdanninga har heilt andre strukturar med færre fag og større valfridom, seier ho.

Breiare innsikt

Simonsen peikar på at det nye faget «Pedagogikk og elevkunnskap» (PEL) skal bidra til å gi religionskompetanse.

– Lærarstudentane får i alle fall den grunnleggande kompetansen som gjeld forståinga av religiøst og kulturelt mangfald. Å studere eit fag som RLE gir sjølvsagt mykje meir og breiare innsikt, seier Simonsen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Berit Nøst Dale ved NLA meiner at Pedagogikk og elevkunnskap-faget ikkje er godt nok for å gi studentane religionskunnskap.

– Det er ikkje talfesta noko timetal eller prosent for RLE-emner, så kvar høgskule må bestemme det sjølv. Det er ikkje nokon religionsundervisning i PEL-faget, seier Dale.

Femårig utdanning

KrF jobbar for at RLE skal bli obligatorisk i lærarutdanninga att. Det stør ikkje Simonsen ved UiA.

– Nei, ikkje med den fagstrukturen som er lagt til grunn i grunnskulelærarutdanninga. Andre fag, som for eksempel dei praktiske og estetiske, vil også kunne kalla seg taparar, seier Simonsen.

NLA-lektor Dale innser at det kan vere vanskeleg å få inn RLE-faget i dagens lærarutdanning, men vonar det blir teke med som obligatorisk fag i den femårige lærarutdanninga som regjeringa har varsla. DAGEN

RLE-faget

Faget Religion, livssyn og etikk vart gjort til valfag i grunnskulelærarutdanninga i 2010. Fagmiljøa frykta at lærarstudentar ville velje bort RLE.

Ifølgje tal frå Høgskolen i Oslo og Akershus har studiepoengproduksjonen blitt redusert med 70 prosent frå før reformen i 2010.

I samarbeidsavtalen med regjeringa har KrF slått fast namnebyte til KRLE, men partiet opna førre veke for å droppe K-en dersom RLE blir obligatorisk i lærarutdanninga att.

Les også
RLE-studenter skeptiske til KRLEKRLE
Les også
Skoler skviser Jesus og BuddhaDoktorgrad om RLE
Les også
- Jeg er ikke ute etter å lære mer om religion enn om andre