Reservert glede på Kongshaug

Kongshaug Musikkgymnas får godkjenning for nær ei dobling av elevtalet, men slepp ikkje den store gleda laus før det er klårt at dei får det tilskotet frå staten som dei treng.

Mel­din­ga om god­kjen­ning kom sist veke, og av god­kjen­nings­bre­vet går det fram at sku­len er god­kjend for ut­vi­ding av elev­ta­let frå no­ver­and­re 95 til 185 ele­var. Det kan skje alt frå haus­ten 2013, men let seg ikkje rea­li­se­re utan stat­leg til­skot.

- Smer­te

- Sty­ret har i mange år kjend på smer­ta ved å måtte av­vi­sa så mange flin­ke søkja­rar. Dei får me no høve til å gje eit godt mu­sikk- og all­menn­fag­leg til­bod på ei trygg kris­ten platt­form i eit in­ter­nat med til­syn, om­sorg og ram­mer, seier styre­lei­ar Astrid Århus Byrk­nes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Held att

- Det opp­le­vest som om det of­fent­le­ge gir med eine handa og tar med den andre. Det er der­for vans­ke­leg å slep­pe den store ju­be­len laus før like­be­hand­lings­til­sko­tet som for­svann, er til­ba­ke på plass i ei eller anna form, seier rek­tor Odd­var Rot­vik ifyl­gje sku­len sin nett­stad kongs­haug.no.

Kongs­haug si sak skal hand­sa­mast i sam­band med re­vi­dert na­sjo­nal­bud­sjett i mai.

- Om kunn­skaps­mi­nis­ter Kris­tin Halv­or­sen tør å inn­røm­me at ved­ta­ket frå bud­sjett­hand­sa­min­ga i fjor haust var eit ar­beids­uhell, kan ho vise det i mai, seier rek­tor Rot­vik.

Neste kors­veg han kny­ter von til blir etter eit even­tu­elt re­gje­rings­skif­te i haust.

- Det ein­as­te vi er sikre på, er at vi har ei god sak og at vi vil vinne fram til slutt. Spørs­må­let er berre kor lang tid det vil ta før pen­ga­ne er på plass igjen, seier Rot­vik.