Rekordhøg innvandring til Israel i året som gjekk

I overkant av 30.000 nye immigrantar kom til Israel i 2015. Det er 
10 prosent meir enn fjoråret, og ein må tilbake 
til 2003 for å finna like høg innvandring.

Terroraksjoner mot jødar og aukande antisemittisme får stadig fleire jødar å reisa Israel som det sikraste landet i verda for denne folkegruppa. Valdsbølgja i landet dei siste månadene ser ikkje ut til å leggja nokon dempar på tilstrøyminga.

Som i fjor står Frankrike øvst på lista over land der immigrantane kjem frå. 7.900 franske jødar valde å forlata «heimlandet» og slå seg ned i Israel, mot 7.200 i 2014.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Auken i talet på valdsepisodar mot jødar og aukande antisemittisme i Frankrike saman med ein aksjon for immigrasjon til Israel som Jewish Agency og Det israelske immigrasjonsdepartementet står bak, er årsaker til denne oppgangen.

Frankrike med sine 500.000 jødar, er det landet i Europa som har flest jødar.

Israel investerer

Ledar for Jewish Agency, Natan Sharansky, seier tilstrøyminga viser kor viktig Israel er for jødar.

– Det høge talet på immigrantar særleg frå vestlege land, stadfestar den sterke tiltrekkingskrafta som finst i sionismen. Det faktum at immigrantar vel å koma til Israel, er et teikn på at Israel investerer i deira liv med eit innhald som dei ikkje finn andre stader, seier Sharansky.

Talet på immigrantar frå Ukraina har stige med 16 prosent frå 6.000 i 2014 til 7.000 i 2015.

Israel har også satsa på Ukraina det siste året for å tilskunda immigrasjonen frå landet. Konflikten landet har med Russland, gjer tilhøva ustabile både politisk og økonomisk, faktorar som fører til at stadig fleire ukrainske jødar vender nasen mot Israel.

Oppsiktsvekkjande

Auken i talet på jødar frå Russland i 2015 er oppsiktsvekkjande med ein oppgong på 40 prosent i høve til 2014. 6.600 russiske immigrantar har kome til Israel i 2015, og ein må tilbake til 1990-tallet for å finna høgare tal då russiske jødar strøymde til Israel i hopetal.

Tiåret etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 kom det over ein million jødar frå dei tidlegare sovjetrepublikkane til Israel. Det førte til store endringar i det israelske samfunnet med mange positive tilskot både innan vitenskap og kultur, men også store utfordringar for samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå heile Aust-Europa er den samla auken i immigrantar i 2015 på 25 prosent. Totalt betyr det at over 15.000 jødar frå denne regionen slo seg ned i Israel i 2015. Immigrasjonen frå Vest-Europa viser ein auke på seks prosent.

Storbritannia er det vesteuropeiske landet som sender flest jødar til Israel etter Frankrike.

Integrering viktig

Natan Sharansky peikar på kor viktig integreringa av dei nye immigrantane er i Israel.

– Vi gjer alt vi kan for at dei skal kjenna seg integrerte både på arbeidsplassar og innan skulesystemet, slik at dei skal slå rot og berika det israelske samfunnet, seier Sharansky til BreakingIsraelNews.

Immigrasjonsminister Zeev Elkin meiner det høge talet immigrantar i 2015 berre er eit teikn på enno større auke i immigrasjonen dei komande åra.

– Talet på immigrantar har auka med 50 prosent dei siste to åra, og enno har vi ikkje sett slutten på dette. At vi kjem opp i 50.000 immigrantar årleg er ikkje umogeleg. Dersom vi vil det, er dette ingen draum, seier han og siterer den moderne sionismens far, Theodor Herzl.

Frå dei nordamerikanske landa USA og Canada kom det 3.700 nye immigrantar til Israel i 2015, som er omlag det same som i 2014. Israels nye innbyggjarar er svært unge. 50 prosent av immigrantane er under 30 år.