Reiv ned De Kristne-plakater

Tre dagar fekk De Kristnes valplakatar hengje i Bergen før dei vart rivne ned. Førstekandidaten er ikkje overraska.

Tys­dag etter­mid­dag heng­teDe Krist­ne opp sju store pla­ka­tar for par­ti­et og første­kan­di­dat Trine Overå Han­sen på veg­gen i Forum rett ved Dan­marks­plass, Ber­gens mest tra­fik­ker­te kryss.

Natt til fre­dag var pla­ka­ta­ne rivne ned. Bi­le­te av Overå Han­sen og slag­or­det «Par­ti­et du sav­net ved for­ri­ge valg» var drege ned i den våte as­fal­ten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sinte på val­bod

- Eg hadde for­ven­ta at det skul­le skje. Det er vel­dig sterk mot­stand mot ein del av sa­ke­ne vi står for. Mange er glade for at par­ti­et er her og at vi er ty­de­le­ge på krist­ne ver­di­ar som dei ikkje finn i andre parti, sær­leg iKrF ogFrp.

- Men vi mer­kar mot­stan­den når vi står på val­bo­der. Det er sær­leg mange som vil dis­ku­te­re Is­rael og abort med oss. Folk blir vel­dig sinte fordi vi er mot abort. Det kan godt hende at det er po­li­tisk mot­stand som gjer at pla­ka­ta­ne er rivne ned, seier Overå Han­sen og legg til at det også kan vere reine pø­bel­stre­kar.

- Men det var dumt, for desse pla­ka­ta­ne var spe­sial­be­stil­te til desse mon­te­ra.

Ville ikkje vars­le

Overå Han­sen er aktiv på so­sia­le medi­er i val­kam­pen, men bi­le­ta som vart tekne av henne fram­for dei store pla­ka­ta­ne tys­dag etter mid­dag pub­li­ser­te ho ikkje på in­ter­nett. Grun­nen var nett­opp at ho ikkje ville vars­le po­li­tis­ke mot­stan­da­rar om at pla­ka­ta­ne var komne opp - nett­opp med tanke på at dei kunne bli rivne ned.

- Eg ville ikkje seie frå, seier ho.

- Kva gjer de no då?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Heng opp att nye pla­ka­tar som ikkje pas­sar like godt i mon­te­ra.

DAGEN