Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum, NTB Scanpix

Opnar for homofile prestar på Sørlandet

Til hausten kan det bli fleirtal i bispedømmerådet i Agder og Telemark for at gifte homofile kan bli prestar, ifølgje Fædrelandsvennen.

Saka har splitta bispedømmerådet i to, med fire liberale mot fem konservative stemmer. Då blir dobbeltstemma til det tiande rådsmedlemmet og rådsleiar, Jan Olav Olsen, avgjerande. Han slår fast at han ikkje ser kva argument som kan få han til å stemme konservativt i saka.

Olsen meiner at det er vanskeleg å seie at nokon lever i strid med kyrkjas lære dersom dei er vigsla etter ein liturgi vedteke av kyrkjas øvste organ, som skal gjelde alle landets kyrkjelydar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Då kan vi ikkje i neste omgang utestenge nokon som er vigsla med vår kyrkjes liturgi frå prestestillingar, seier Olsen til Fædrelandsvennen.

Han peikar på kyrkjerådets vedtak i vår om å innføre kjønnsnøytral liturgi som inkluderer homofile og lesbiske.

– Når kyrkja vedtek ein liturgi, har ho vedteke si lære. Då kan ikkje eitt bispedømme seie at kyrkjas lære ikkje gjeld her, seier Olsen til avisa.

Bispedømmerådet har vedteke å ta opp tilsettingspolitikk til hausten. Då vil dei også ta stilling til eit forslag om å støtte godkjenning og like rettar for LHBT-personar i kyrkja og i Noreg.

Førre måndag vedtok dei å halde fast ved at «samlivsform kan bli tillagt vekt» i stillingsutlysingar. Olsen meiner dei då ikkje avvise søkjarar som er vigsla etter liturgi fastsett av Den norske kyrkja.

Les også
Homofilt ekteskap kan åpne for ny vurdering av ansettelser
Les også
Likekjønnet kirkelig vigsel i Bibelens lys
Les også
Advarer mot kjønnsnøytral ideologi i ny erklæring
Les også
Hareide på Pride
Les også
Kirketopp deltar for første gang