Øltelt i Kollen under femmila

For første gong skal det serverast øl under femmila i Holmenkollen, skriv Finansavisen.

- Ja, det blir alkoholservering og afterski i Holmenkollen, men berre laurdagen. Vi kjem til å setje opp eit telt der det blir mogleg å få kjøpt øl, seier arrangementsansvarleg John Aalberg.

Under hopprennet søndag derimot blir det ikkje moglegheiter for eit nedslag i ølteltet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Søndagen er framleis familiedagen i Kollen og då vert det berre servert alkoholfrie drikkevarer, seier Aalberg til Finansavisen.

Arrangøren håpar på 30.000 tilskodarar under hopprennet. Billettane er kraftig reduserte sidan førre sesong. Førehandssalet er nesten fire gonger høgare enn på same tid i fjor. Halvparten av 19.000 billettar på tribunen er selt til hopprennet søndag 17. mars.

I fjor var det under 10.000 tilskodarar som følgde det tradisjonsrike hopprennet i Holmenkollen. Stive billettprisar fekk mykje av skylda for labert oppmøte. (©NPK)