No kan sambuarar adoptere

Berre KrF og éin Ap-politikar stemte nei då Stortinget tysdag vedtok at sambuarar kan bli adoptivforeldre.

- Då har Stor­tin­get gått sam­røys­tes inn for at sam­bua­rar skal kunne vur­de­rast som adop­tiv­for­eld­re. Ja, minus KrF, då, skriv Venst­re-po­li­ti­kar Svein­ung Rote­vatn på mikro­blogg­te­nes­ta Twit­ter.

I til­legg stem­te Anne Oden­marck (Ap), vara for Ma­ri­an­ne Aasenmot for­sla­get,som ein­as­te utan­for KrF-grup­pa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men, det var ikkje mei­nin­ga. 

- Det var rett og slett feil, og eg er glad for at fleir­ta­let var vel­dig stort. Eg be­kla­gar, skriv ho i ein mail til Dagen.

Lov­teks­ten skal no lyde slik: «Andre enn ek­te­fel­ler eller sam­bo­ere kan ikke adop­te­re sam­men (...) Med sam­bo­ere menes i denne loven to per­soner som bor sam­men i et sta­bilt og ek­te­skaps­lik­nen­de for­hold.»

Sår­ba­re barn

KrF er usamd i at sam­bua­rar bør få adop­te­re, og pei­kar på rap­por­tar frå Buf­dir som viser at sam­buar­skap er langt meir usta­bi­le enn ek­te­skap.

«Barn som adop­te­res er sår­ba­re, og sam­fun­net bør legge til rette for at de skal få en trygg opp­vekst med kon­ti­nui­tet og sta­bi­li­tet i om­sor­gen», ut­ta­ler Geir Jør­gen Bekke­vold ifa­mi­lie- og kul­tur­ko­mi­te­ens be­hand­ling av saken.

Adop­sjons­fo­rum støt­tar lov­end­rin­ga.

- Sam­buar­skap er blitt mykje meir van­leg. Det betyr at sam­buar­skap kan vere like sta­bilt som ek­te­skap, og gi den trygg­lei­ken som bar­net treng, seier dag­leg leiar Øy­stein Gudim.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Adop­sjons­fo­rum un­der­stre­kar at der­som sam­bua­rar skal adop­te­re, bør dei har sam­buar­kon­trakt.

- Dei bør ha noko som er ju­ri­disk bin­dan­de, nett­opp for å sikre bar­net, seier Gudim.

Han rek­nar med at det blir slått fast i for­skrif­te­ne som no skal ut­ar­bei­dast.

Bare Co­lom­bia

Ikkje alle par som søker om å bli adop­tiv­for­eld­re har vore klar over at det berre har vore gifte som har kunna adop­te­re i Noreg.

- Folk blir ofte over­ras­ka over at dei må vere gift. Det hen­der at folk må ut­set­je adop­sjons­pro­ses­sen fordi dei må gifte seg. Den for­sin­kin­ga for­svinn no, men har ikkje stor prak­tisk be­ty­ding med mind­re sam­ar­beids­land no tillét sam­bua­rar som for­eld­re, på­pei­kar Gudim.

Av landa Adop­sjons­fo­rum sam­ar­bei­dar med, er det bare Co­lom­bia som ak­sep­te­rer sam­bua­rar som adop­tiv­for­eld­re.

- Det er vårt vik­ti­gas­te og størs­te sam­ar­beids­land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ek­te­par må har vore gift minst to år for å kunne søkje om adop­sjon. Gudim rek­nar med at kra­vet til kor lenge sam­buar­par har haldt saman ikkje vert lå­ga­re.

DAGEN