Misjonsarbeid på mjølkekartong

Misjonær Ketil Fuglestad frå Jæren er i full gang med å hjelpa folk i Etiopia til å starta eigne arbeidsplassar. For tida vert prosjektet presentert på kartongane til Q-meieria.

Kavlifondet, som eig Q-meieria, har nemleg gitt støtte til prosjektet.

– Meir grundig informasjon kan ein dessutan få på Kavlifondet si heimeside, seier Fuglestad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES:Misunnelsesverdig godt samarbeid

– Mitt kall er å vera bygdeutviklar. Det har eg vore heile tida, og det vart eg oppmuntra til av generalsekretærEgil Grandhagen i Misjonssambandet då Brit Signe og eg vart innvigde til misjonærar, for nokon forkynnar er eg strengt tatt ikkje, seier han.

Hjelp til sjølvhjelp

Etter at han vart pensjonist, har han dei siste åra vore krumtapp i eit heilt nytt hjelpeprosjekt som på norsk heiter «Hjelp til sjølvhjelp». Etiopiske styresmakter er og med i samarbeidet og har det siste ordet om kven som skal få støtte. Men i all hovedsak er det innstillinga frå Fuglestad som blir fulgt. Hans oppgåve er primært å vera rådgjevar, skaffa midlar og laga rapportar. Grunntanken er at idérike og tiltaksame kvinner og menn får ein startkapital på inntil 4.000 norske kroner for å gå i gang med ei lita verksemd, slik at dei kan livberga seg sjølv.

– Det er mykje pengar etter etiopisk målestokk. Folk har gått i gang med eigne kaféar, små butikkar, frisørsalong, bakeri, planteskular, kaffeproduksjon, skogplanting, skopussing, bananutsal og kjøtproduksjon, for å nemna nokre døme. Tanken er å gje ei handsrekning til fattige som har sin eigen forretningsidé. På denne måten kan vi hjelpa både funksjonshemma, enkjer, einslege mødre, bønder og andre som sit trongt i det, men som har brennande lyst til å greia seg sjølv, seier Fuglestad.

LES OGSÅ:Leder landets største misjonsorganisasjon

Det vert ikkje stilt krav om tru og religionstilknytning. Derfor er det og ein del muslimar som får hjelp. Dei er like dyktige og takksame som andre.

Suksesshistorie

Det er ei rørande og tankevekkande suksesshistorie han meir enn gjerne vil dela med Dagen sine lesarar. Etter knapt elleve år har han vore vitne til ei utruleg veksttid. Av dei fleire hundre prosjekta som har fått støtte til no veit han berre om eit fåtal som kan kallast fiasko. Det skuldast nok at folket i Konso-regionen er kjent som driftige og svært arbeidssame menneske – akkurat slik han kjenner den typiske jærbuen.

– Det hender vel trass alt at nokon prøver å lura deg?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Tabbekvotar må vi alle få lov å ha. Men etter alle desse åra i Etiopia har eg eit så godt nettverk og så godt kjennskap til dei lokale forholda at forsøk på lureri har vore eit lite problem.

LES MER:Ber NLM være korrektiv innenfor kirken

Men korrupsjon? Det har han sett lite til i denne samanhengen.

– Utruleg givande!

Jau, Ketil Fuglestad veit kva han snakkar om. Han er utdanna sivilagronom innan grønsakproduksjon, blomar og frukt. Etter at han av familiære grunnar måtte ta ein pause som misjonær, var han i åra 1986-2005 fylkesgartnar i Rogaland. Mot slutten av den tida hadde han som oppgåve å rettleia og hjelpa bønder som ville setja nye idéar ut i livet og som fekk 25.000 kroner i startkapital frå Fylkesmannen. Det var til stor oppmuntring for dei som fekk slik støtte.

– Dette prosjektet sette Brit Signe og meg på tanken om å gå i gang med noko liknande i Etiopia då eg vart pensjonist. Vi var på same tid så heldig å få ein arv frå ein slektning som gjerne såg at vi brukte pengane til eit slikt føremål, seier han.

– Dette er min måte å formidla Guds kjærleik og omsorg på. Arbeidet er utruleg givande, for eg ser oppmuntrande resultat heile tida. Det er ei utruleg glede å sjå folk som har kome ut av fattigdommen og som greier seg sjølv. Eg er så fri å påstå at utan dette tiltaket ville dei fleste ikke greidd det.

Fekk sponsor

Kavlifondet har vore hovudsponsor frå 2014 og gir 450.000 kroner i året. Førebels har Fuglestad fått tilsagn om støtte også for neste år. I samråd med fondet skal det setjast i gang seks planteskular i året. Organisasjonen «Plant et tre» og songkoret «Frimenn» er andre private støttespelarar. Men det offisielle Noreg, som elles er så rause med utviklingsarbeid kvar helst på kloden, har førebels nølt med å delta i denne dugnaden.

– Ein representant for den norske ambassaden i Addis Ababa har vore på vitjing og mellom anna sett på planteskular som har fått støtte til å koma i gang, og det mangla ikke på lovord. Vi sende derfor inn søknad om støtte. Men då ambassaden flytta til nye lokale, fekk eg vita at søknaden var komen bort. Og sjølv om dei fekk ny kopi, kom det ikkje noko svar. Då eg la saka fram for ambassadøren, sa han at dette måtte dei kunne støtta, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– FråKirkens Nødhjelp har eg nettopp fått eit fint og oppmuntrande brev, og skal om kort tid ha samtale med representanten deira i Etiopia. Eg vonar at også det kan føra til noko.