- Må rekne med konkurranse

På sju år har regjeringa auka kjøp av private rusavvenningsplassar med nesten 20 prosent. Samtidig har åtte private aktørar lagt ned drifta.

Ifølgje Blå Kors har minst åtte private aktørar stengt dørene på grunn av økonomiske årsaker eller for dårleg kvalitet sidan 2004. I tillegg står to i fare for å bli nedlagt, og to må leggje om drifta etter å ha mista avtalar. 

Høgre, KrF, Frp og Venstre vil alle nytte private aktørar i større grad i rusomsorg. Dei fleste av dei private aktørane er ideelle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Fleire opplever å ikkje få kontraktar eller store nok kontraktar av staten, og dermed har dei ledig kapasitet. Vi vil kjøpe denne kapasiteten og bruke han, og innføre fritt behandlingsval der den rusavhengige sjølv i større grad påverkar kva institusjon han skal behandlast ved, seier Bent Høie, helsepolitisk talsmann i Høgre.

Fleire plassar 

Arbeidarpartiet avviser at dei er mot å bruke private aktørar innan rusomsorga. 

- Det er ikkje riktig at vi kjøper mindre av ideelle aktørar, seier Håkon Haugli, helsepolitisk talsmann for Ap. 

Han viser til tal han har frå Helsedepartementet, som viser at innkjøp av plassar frå private rusinstitusjonar har auka frå 712 millionar kroner i 2005, til 1.2 milliardar kroner i 2012. 

Talet på plassar har auka frå 797 til 943.  

- Kvifor må då private initiativ leggje ned, medan rusavhengige står i kø for å få behandling? 

- Eg er generelt tilhengar av å bruke private aktørar, men det er viktig at det styrast av pasientens behov og i samarbeid med tilbodet det offentlege helsevesenet gir, seier Haugli. 

- Vi kan ikkje sei at det at éin privat aktør får nedgang gir eit dårlegare behandlingstilbod totalt sett. Dessverre trur eg det er ein del av private aktørars verkelegheit med anbodsrundar og konkurranse, at enkelte tilbydarar kan oppleve store svingingar. Det handlar ikkje berre om økonomi, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mot gratis heroin

Verken Høie eller Haugli har høyrt om reduksjon i paragraf 12-soning hjå private aktørar, slik Evangeliesenterets daglege leiar Trond Eriksen siktar til. Men begge vil sende fleire narkodømde til behandling framfor fengsling.

Partia vil ikkje kutte ut LAR-behandlinga, men ser utfordringane med for lite rehabilitering og oppfølging. Begge har trua på rusfrie avvenningstilbod. 

Høgre er mot både sprøyterom og gratis heroin, medan Arbeiderpartiet meiner sprøyterom gir ei naudhamn til tungt narkomane.

- Når det gjeld gratis heroin, er det ikkje aktuell politikk å innføre no, i alle fall, seier Haugli. 

- Flott med frelse

Både Arbeidarpartiet og Høgre seier dei set pris på private aktørars bidrag som viktig, sjølv dei religiøse innslaga, som Evangeliesenteret. 

- Det er mange vegar inn og ut av rusmisbruk. Det er kjempeflott at mange menneske blir frelst og gjennom det klarer å ikkje berre blir rusfrie, men også blir ei positiv kraft for andre menneske, seier Høie.

DAGEN