STERKE SONGAR: Ellen Høydalsvik sine songar er sterke og med godt åndeleg innhald.
@Kreditering:

Lovsong med israelsk preg

Ellen Høydalsvik er oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre. Som 18-årig ungjente blei ho bevisst på sitt kristne standpunkt og ho fekk eit personleg forhold til Jesus.

Hausten 1998 fekk Ellen Høydalsvik sin fyrste lovsong: At Calvary. Saman med lovsongen fekk ho også eit bilete. Dette viste seg å vere starten på ei ny teneste for Ellen. Under lovprising og tilbedelse fekk ho stadig nye songar. Ho forstod snart at Gud ville at ho skulle dele desse songane med andre. Dette resulterte altså i utgjeving av cd-plate og dvd med tre song-og musikkvideoar, At Calvary, A New Song og Verdig er du Gud.

Eg vil varmt anbefale songane både på cd-en og dvd-en, dei har svært gode tekstar og melodiane er litt prega av israelsk, jødisk musikk. Det er Irene Lundblad, Anne Grete Berg, Ellen Høydalsvik, Knut Sverre Nes og Kristin Nupen som syng solo på denne CD-plata. Tittelen på cd-en er «Glory to the king». På DVDn er det Irene Lundblad og Anne Grete Berg som syng. Begge er produsert av Terje Kingsrød. På videoproduksjonen er også Svein Bækkedal med.

Dette er lovsong og tilbedelse i høg klasse som du berre må få med deg. Variert og fin musikalsk sett med sterkt og godt åndeleg innhald.

Anna Ragnhild Lynge