Lette og uro hos Toppe i Sp

Senterpartiet jubla for sterke tal i kveldens første prognose, men innser at dei har lide nederlag med dei raudgrøne.

Det er intens spenning i dei tette og varme lokalene til Senterpartiet i Hordaland sekund før den første prognosen vert offentleggjort klokka ni måndag kveld. Stortingsrepresentant Kjersti Toppe står og trippar nervøst i døropninga inn til fellessalen der det vert servert snittar og sjokolade.

- Kva er du nøgd med?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Seks prosent, seier ho. Partiet fekk 6,2 prosent oppslutnad ved valet for fire år sidan, men har kjempa rundt sperregrensa dei siste månadane.

- Eg fryktar det verste og håper det beste, seier Toppe rett før prognosen kjem.

Jubel

Valprognosa frå SSB viser 7,9 prosent oppslutning og heile 13 mandater til Senterpartiet, men har ei skeivfordeling i oppteljinga som har kome Senterpartiet til gode. Dei unge dresskledde bak i lokalet reiser seg, jublar og applauderer og den tettpakka salen slepp ut eit kollektiv lettelses sukk. Det vert også jubla over at Miljøpartiet Dei Grøne ikkje fekk mandat på denne målinga, men det er stille bekymring for det svake 4,7 prosent til SV.

Raskt vert det rekna ut at til og med andrekandidat Sigrid Handegard frå Jondal er inne på denne prognosen.

I salen vert det oppdaga at TV2s måling viser 6 prosent og 11 mandat, men også det vert det nikka letta til.

Toppe er letta

- Det ser veldig bra ut og det var eit løft. Men vi veit at det kan duppe kraftig frå dei første tala i valdagsmålinga, seier Toppe.

- Det ser ut til å bli nederlag for dei raudgrøne?

- Ja, det ser slik ut. Det er ikke oppsiktsvekkjande. Men no fryktar eg Frp i regjering. Eg vil ikkje ha dei, seier ho med trykk på kvart ord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva fryktar du mest?

- Eg fryktar for for helsevesenet og jordbruket, at vi får privatisering i det offentlege. Får Frp gjennom politikken sin i jordbruket, er det irreversibelt, seier Toppe.

DAGEN

Les også
- KrF har nådd begge målsettinger