Legg ned hundre år gamalt arbeidarmøte

I staden vil generalsekretær Erik Furnes samle 500 tilsette og frivillig leiarar til ny leiarsamling kvart år.

I over hundre år har tilsette i Indremisjonsforbundet vore samla til arbeidarmøte kvart år. 120 arbeidarar har delteke på dei tradisjonelle møta.

Men no tenkjer generalsekretær Erik Furnes heilt nytt, etter modell av den europeiske leiarsamlinga ELF og pinserørsla sin nye leiarsamling LED.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også kommentar:Lite å gå på overfor kirken

Tek med frivillige

Han legg ned arbeidarmøtet og vil i staden for samle også dei frivillige leiarane i forsamlingar til ei inspirerande og nyttig leiarsamling årleg.

– Vi har eit mål om å samle 500, seier han.

For Indremisjonsforbundets arbeid vert i dag i stor grad drivne av lokale leiarar på bedehuset som ikkje er tilsette. Dei har til no ikkje hatt nokon arena der dei kan dele erfaringar, få opplæring og bli inspirerte.

Les også kommentar:«Den kristne kunnskapen er på retur»

– Folk kan oppleve at dei er einsame i det arbeidet dei står i. Og dei treng kompetanse i det forsamlingsbyggjande arbeidet. Når ein sit i eit eldsteråd i ei forsamling, er det godt å møte andre med same oppgåve. Dei som underviser barn og unge, driv diakonalt arbeid, leiar song- og musikk, er teknikarar og dei som jobbar på skulane våre skal også få møte andre som jobbar med det same.

Målet er å skape ein kultur som satsar på leiarar.

– Og det vil også styrke Indremisjonsidentiteten?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ja, det er også viktig for oss.

Les også:Planlegger for tøffere tider på bedehuset

Får støtte på grasrota

– Ein god idé, seier Marie Eggebø Stokke (30) frå Nærbø på Jæren. Ho er med i ei fellesforeining som ImF og Normisjon har på bedehuset på Nærbø. Der har ho vore leiar møte i barnearbeidet og no sit ho i ei leiargruppe som ser på vegen vidare for forsamlinga. Ho har aldri vore på arbeidarmøtet i Indremisjonsforbundet.

– Leiing er kjempeviktig i forsamlingane og det er viktig at leiarane er medvitne på rolla si, seier ho.

Les også:Hasteendret lovene for å gi plass til kvinner

Låg identitet

Indremisjonsforbundet har arbeid på rundt 450 bedehus på Sørlandet, Vestlandet og i Finnmark. Forsamlingane og foreiningane er sjølvstyrte, men er organiserte i ni krinsar og eit forbund. Vedtak om kva som skal gjerast og strategi vert lagde på kvart einskild bedehus. Difor er også identiteten til Indremisjonsforbundet svært låg mange stader.

Les også:Ragna (93) fekk overraskande besøk

Flytte GF

På generalforsamlinga i helga var det 205 delegatar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Er det representantar for det lokale arbeidet som er her på generalforsamlinga? spør Furnes retorisk.

– Ei av dei største forsamlingane våre som har eit yrande liv er representert ved eit pensjonistpar. Ære vere dei, men kvar er dei som er aktive i arbeidet?

No vurderer ImF-styret å flytte generalforsamlinga frå sommaren til den nye leiarsamlinga kvart tredje år.

– Men vi har eit par på å avgjere det, seier Furnes.