KrF, Ap og Sp vil ta opp tvillingabort i Stortinget

Kjersti Toppe i Senterpartiet ber helseministeren ta ein nøye gjennomgang av lovverket rundt tvillingabortar.

- Det er naturleg og nødvendig at Stortinget får denne saka til behandling, gjerne som del av evaluering av bioteknologilova. Helseminister Bent Høie bør setje i gang ein vidare gjennomgang av denne saka, og ikkje nøye seg med Helsedirektoratets vurdering, seier Kjersti Toppe, Sps helsetalskvinne.

KrF seier dei vil løfte fram tvillingabort anten i spørsmålsform eller i ein interpellasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fjerne friske fostre

Olaug Bollestad, KrFs helsetalskvinne, meiner at fosterreduksjon er ei stor utfordring for lovverket.

- Ein fjernar friske foster - noko som i seg sjølv er ei kjempeetisk utfordring - og utset det fosteret som er att for ein større risiko for å bli spontanabortert, seier Bollestad.

Frp vil først drøfte saka i stortingsgruppa si, før dei uttalar seg om saka.

Sortering

Bollestad meiner at tvillingabort opnar for sortering etter kjønn og andre eigenskapar. Ho meiner vi treng meir kunnskap om kva etterverknad tvillingabort får for barna som blir fødde og lever vidare, når dei får vite at dei skulle ha vore to eller fleire.

- Og heilt grunnleggjande under alt dette er retten til liv. Korleis og kven skal setje grensene for kven som skal leve, spør Bollestad.

Sp-Toppe synest at saka er svært vanskeleg etisk sett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg synes det er oppsiktsvekkande at Helsedirektoratet på den eine sida seier dette er ok, men ber politikarar vurdere dei etiske sidene. Det er etisk krevjande fordi det er selektiv abort, og fordi det gir økt risiko for anna foster, seier ho.

Ny problemstilling

Ruth Grung i Arbeidarpartiet ser også etiske problem ved tvillingabort.

- For meg er det først og fremst sjølve valet mellom ulike fostre om kven som skal få leve og kven som skal veljast bort. Deretter kjem det med høvet for seleksjon.

Ho forventar at helseministeren sjølv tek saka opp i Stortinget. Ap har ikkje diskutert saka i stortingsgruppa.

- Eg støttar abortlova og prinsippet om at det er kvinner som skal ta det endelege valet. Men teknologiutviklinga som muleggjer fosterreduksjon er ei ny problemsstilling. Eg mener det er klokt at Stortinget drøftar konsekvensene dette får og om det er behov for å justere lova. Stortinget har eit særskilt ansvar for å ta tak i slike verdidebatter, seier Grung. DAGEN

Les også
Timosjenko stiller som presidentkandidat
Les også
Staten: - Tvillingabort er lovleg