Konsesjonskrøll for innovativ høgskule

Ny høgskule skulle setje Krykkjebakken kommune på kartet. I staden fekk ein utdanningsdepartementet og dyrepolitiet på nakken.

Krykkjebakkposten har ogsåen egen Facebook-side.

--------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Problem med konsesjon og ureglementert dyrehald kan no setje framtida i fare. Men rektor Nielsen er roleg.

– Det gjer eigentleg ikkje så mykje. Vi er ein papirlaus utdanningsinstitusjon og slik sett heilt fri frå innblanding frå Staten, seier rektor Nielsen.

– Korleis gjer det dykk friare?

– Vi svarer til dømes aldri på brev. Det gjer det enklare for oss å forhalde oss til departemtentet. Eller, ikkje forhalde oss til dei, ler Nielsen. Han legg til at livet som papirlaus rektor har gjort han meir medviten på det store miljøproblemet papir utgjer.

– No har vi papir kun på do, ler han.

Flygande høns

Dei første bekymringsmeldingane kom etter at minigrisoppdrettar, hønseentusiast og førsteamanuensis Lillemor Lampe sende søknad til utdanningsdepartementet om støtte til utvikling av flygande høns. Søknaden vart til i samarbeid med høgskulelektor Kvasslaug Kranglebotn. Formålet var å drive flygetrening og fysisk modifisering av høns, med det formål å gje dei ei kjensle av å være fullverdige fuglar.

– Det er for gale at ingen har tenkt på dette før. Hønsa mine lever til dagleg med kompleks fordi dei ikkje fyk som andre fuglar, fortel Lillemor Lampe.

– Strutsar og pingvinar fyk heller ikkje?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det syner berre potensialet for vår linje for fjørfé og innovasjon, seier Lampe.

– Det ryktast at det nyetablerte dyrepolitiet i fylket vil prioritera kommunen vår generelt, og særskilt deg?

– Ingen er meir glad i dyr enn meg. Eg vil berre gje dei den fridomen andre fuglar har, så dei skjønar kor undertrykt og kua dei eigentleg er.

Konsesjonskrøll

Søknaden til departementet har vakt fornya interesse der i garden for kva som foregår i den noko innfløkte skulestrukturen i kommunen. Som kjent driv høgskulen på ein 50 år gamal konsesjon som i si tid vart gjeven til Krykkjebakken folkehøgskule. Ein kjapp gjennomgang av ordlyden i den konsesjonen avslørte at det hverken stod noko om fjørfé, maskinføring eller englar der.

Dermed kan det altså væra slutt på nyvinningar i grenselandet mellom englelære og kjønnsforskning som seminara til Kranglebotn med titlar som «Demokrati og likestilling i engleverda» og «Erkeengelen­ Mikkeline – mannleg kjønns­dominans i englemytologien».

Det kan også være slutt på tidlegare hinduist, buddhist, muslim, humanetikar, katolikk og danske, Lillemor Lampe sine «Dagskurs i tverreligiøs hønsementalitet».

– Om folka i hovudstaden hadde fått bestemma ville det snart ikkje væra innovasjon igjen i distrikta. Men no har vi tatt skeia i eiga hand og utdannar folk korleis vi vil – og til kva vi vil.

– Finst det studentar som tek desse kursa?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kvalitet og innovasjon kan ikkje målast i antal studentar. ­Kanskje snarare tvert imot, avsluttar ein offensiv Leif O. Nielsen.