Komplett Telemann undervegs

For første gong kjem heile kantatesamlinga til Georg Philipp Telemann (1681-1767), «Harmonischer Gottes-Dienst», ut på cd. Bak dei 13 cd-ane står utøvande musikarar på eller rundt Griegakademiet og forskarar frå ulike fagfelt, skriv På høyden.

Musikarane spelar på originale barokkinstrument eller nøyaktige kopiar av slike for å kome så nære originaluttrykket frå 1700-talet som mogleg. Ein prøver også å rekonstruere dåtidas speleteknikkar.

Telemann var ein frontfigur innan den nye, tyske blanda stilen - også kalla galant stil. Hans store prosjekt var å blande element frå italiensk og fransk musikk med eldre tysk polyfon musikk, og gjere musikken songbar og galant. Kantatesamlinga «Harmonischer Gottes-Dienst» inneheld 72 kantatar, og er skrivne for alle heilagdagane i eit kyrkjeår.

På 1800-talet var Telemann eit gløymt namn, men han fekk sin renessanse etter 1950. Særleg dei siste 20 åra har han vore ei stigande stjerne.

- Telemann er truleg verdas mest produktive komponist. Dessutan var han ein dyktig poet og skribent. Kyrkjemusikken hans står i eit spenningsforhold mellom pietismen og opplysningstida. Kantatetekstane er inspirert av pietismens fokus på personleg tru i staden for dogmatikk, samtidig som Telemann var oppteken av vitskap og rasjonalisme, seier Frode Thorsen, førsteamanuensis ved Griegakademiet.

Bak cd-innspelingane står Bergen Barokk, som er byens sentrale ensemble innan utøving av 1700-talsmusikk.


NPK