Klar for koronaturné
MUSIKK: I vår måtte Solveig Leithaug (54) brått returnere til USA på grunn av koronautbrotet. No legg ho ut på ny noregsturné med uvanlege reguleringar.
Karantenetida etter at ho kom over Atlanteren er snart over.
– Eg kom til landet for å gjere ein covid-regulert konsertturné, seier Solveig Leithaug. Ho er gjest i den nyaste episoden av Dagen-podkasten Tore og Tarjei.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
I mars vart det bråstopp for Vårlys-turneen med henne og dottera Kari. Dei måtte skunde seg heim til Nashville før president Donald Trump stengde grensene. Fleire konsertar vart avlyste.
Opplever landesorg
Dei hadde venta at det kunne verte tidkrevjande å kome inn i USA.
– Men det er den raskaste innreisa eg har hatt nokon gong, fortel Leithaug.
Berre få dagar etterpå begynte det meste å stenge, alt frå arbeidsplassar til restaurantar og andre offentlege møteplassar.
– Vi har ikkje vore i kyrkja som vi går i sidan før eg reiste på vårturneen, seier ho.
Men kyrkjelyden deira har som mange i Noreg hatt digitale sendingar.
Leithaug fortel at koronasituasjonen har ført til langt strengare reguleringar enn i Noreg, men også at desse er meir omstridde enn her i landet fordi fleire hevdar koronapandemien er del av eit politisk spel. Ho opplever at det skaper ei utrygg stemning og at styresmaktene strevar med å samle befolkninga.
– Du merkar også at det ligg ei sorg i det amerikanske folket som ikkje har fått ein naturleg plass. Mange sørgjer over at dei har mista familiemedlemer eller vener i covid eller har hatt tøffe rundar. Men vi har ikkje ein leiarskap no som har gitt rom for at vi kan sørgje saman, seier ho.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Følgjer reguleringar
For lenge sidan hadde Leithaug lagt planar om ein omfattande turné i august og september i år. Ho tenkte denne måtte gå ut. Fleire arrangørar meinte likevel at dei skulle få til konsertar også med krav om ein meter avstand og maksimalt 200 frammøtte.
– Då sa eg til desse konsertarrangørane at eg var villig til å kome, seier ho.
I tillegg til dette var det andre i nærmiljø og kyrkjelydar som viste interesse for å få henne på besøk. Turneen har fått namnet «Avstand og nærleik 2020».
Kjære erfaringar
Hytta der Solveig Leithaug og sonen John Markus har vore i karantene, har ho fått låne av veninna Irene Krokeide Alnes og ektemannen Leif. Den erfarne songevangelisten er mellom fleire gjester under den første konserten i Ålesund søndag kveld saman med sin mangeårige kompanjong Marit Stokken Berland.
Leithaug fortel at ho gler seg over samarbeid med musikarkollegaer både i Noreg og USA. I Nashville har ho budd nær fleire kjende kristne musikarar og artistar og bygd venskap med dei.
– Erfaringane eg har hatt som artist har vore kjære for meg. Mange av artistane som eg høyrde på jenterommet på Frekhaug, har eg jobba med og stått på scena med no.
Skreiv saman
I fjor tok David André Østby kontakt då han skulle til Nashville for å skrive nye songar. Dei siste åra har han etablert seg som ein av dei mest etterspurde kristne musikarane i Noreg.
Etter ein god middag servert av Solveigs ektemann Jim enda dei opp med å skrive songar saman. Solveig hadde fått ein førespurnad frå Ragnhild Hiis Aanestad om å lage nye songar til Soul Children. Den eine heitte «Kom til hans kors», den andre «Gå i fred». I den siste syng dei mellom anna «Han gir styrke for dager som denne». På nyåret spelte dei inn songane i studio utanfor Oslo
Artikkelen fortsetter under annonsen.
– Det opplevdest som om det passa godt for dei som vil lytte no, seier Leithaug.
Ho synest det er underleg å tenkje på at dei skreiv dette utan å vite om pandemien som braut ut seinare. Songen kom ut i mars på det nye gudsteneste-konseptalbumet til Oslo Soul Children.
Går ikkje lei
Som artist har ho laga alt frå lovsongar til visepop om sorger og gleder som kan vere gjenkjennelege for menneske uavhengig av personleg tru.
– Å ha eit stort og mangfaldig uttrykk er eg avhengig av sjølv. Eg legg vekt på at konsertane mine skal ha songar med ulikt uttrykk, seier ho.
No er det 35 år sidan den då 18 år gamle Solveig Leithaug gav ut sin første cd, «Askepott».
– Blir du aldri lei av musikk?
– Musikkgleda er stor framleis. Eg kjenner stor takksemd for å gjere denne jobben, seier ho.
Ho gler seg også til ny turné, men legg vekt på at dei vil følgje smittvernreglane nøye.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
– Vi er også kopla med lokale arrangører som legg hjarte i dette og legg godt til rette, seier ho.
Heile intervjuet med Solveig Leithaug kan du høyre på Spotify, iTunes eller andre stader der du finn podkastar. Du kan også høyre det på dagen.no
Avstand og nærleik 2020
16. august: Ålesund
20. august: Vestnorsk utvandringssenter, Radøy
22. og 23. august: Bekkjarvik i Austevoll
24. august: Karmøy
25. august: Lindesnes
26. august: Flekkerøy
27. august: Tønsberg
29. august: Oslo (privat)
30. august: Larvik
3. september: Gjøvik
4. september: Hamar
6. september: Hamar
15. september Kristiansand (under Protestfestivalen)