BRENNMERKA: Den 16 år gamle jødiske guten vart brennmerka med ein raudglødande mynt under sommaravslutning med klassen sin i Oslo.

Jødisk gut vart brennmerka i Oslo

Under sommaravslutninga på ein skule i Oslo vart ei 16 år gamal jødisk gut merka med ein varm mynt i nakken.

Så tidleg som i 2010 klaga guten si mor om antisemittisk trakassering blant elevane ved skulen til NRK Dagsrevyen, og etterlyste inngripen frå skulen sin administrasjon, melder MIFF på sine nettsider. Sjølv etter intervjuet med Dagsrevyen har antisemittiske episodar mot sonen vedvart.

Det var under sommaravslutninga for klassen til guten at brennmerkinga fann stad.

- Ein av dei faste antisemittane la mynten på grillen og trykka den i nakken på sonen min. Det blei brannsår heilt ned i kjøtet, seier guten si mor til Miff.no. Ho kan òg fortelje at ingen representantar frå skulen har tatt kontakt med familien etter hendinga, sjølv om ein lærar observerte hendinga.


LES OGSÅ: 
Norske barn tør ikke stå fram som jøder


Frykt

Mora meiner det er tragisk at norske born i 2012 må skjule sin tilhøyrigheit til Israel. Til NRK i 2010 sa mora at den antisemittiske trakasseringa utarta seg både verbalt og fysisk.

- Dei seier dei skal drepe, at alle jødar skal drepast. Dei brukar kallenamn som «jødesvin» og «jødefaen», sa mora til NRK. Ho opplyser til Miff.no at sonen har israelsk far, som no har retunert tilbake til Israel fordi han mellom anna «opplevde antisemittismen i Noreg på kroppen».

- Eg er livredd for sonen min sitt liv. Han er blitt truga på livet, seier mora til Miff.no. Til hausten byrjar guten på vidaregåande skule, og har bestemt seg for å halde identiteten til faren skjult fordi han fryktar for livet sitt.


DAGEN