– Innstramming kan vere i konflikt med kristen etikk

Biskop Halvor Nordhaug reagerer på framleis stram politikk på familiegjenforeining for innvandrarar og flyktningar.

– Det skal ikkje vere lett å få opphald i Noreg, seier innvandrings- og integreringsministerSylvi Listhaug (Frp).

Tirsdag føremiddag la ho og statsministerErna Solberg (H) fram regjeringas forslag til innstrammingar i asylpolitikken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dette blir eit av de strengaste regelverka i Europa, heldt Listhaug fram.

På førehand venta opposisjonen, organisasjonar og biskopar i Den norske kyrkje at innspela deira i høyringsrunden skulle lyttast til. Bjørgvin-biskopHalvor Nordhaug opplever at det er gjort i liten grad. Han er kritisk til at regjeringa er oppteken av å vere eit av dei strengaste landa i Europa på asyl- og flyktningpolitikk.

– Det er eit signal eg ikkje helser med glede. Sjølv om eg ser at det er behov for å vere restriktive, er det ikkje ei målsetting å nå botnen først i Europa når det gjeld rettar for flyktningar, seier Nordhaug.

- Rammer dei svake

Særleg reagerer biskopen på at regjeringa heldt fast på kravet om at ein må kunne forsørgje familien sin frå dag éin for å få familiegjenforeining.

– Eg er særskilt oppteken av situasjonen for dei som er arbeidsledige, sjuke og ikkje har høve for slik økonomi. Dette rammer dei svake og kan kome i konflikt med kristen etikk som vektlegg betydinga av å leve saman som familie, seier Nordhaug.

Han reagerer også på at politiet i krisesituasjonar kan vise bort asylsøkjarar ved den norske grensa, og dermed droppe å behandle asylsøknaden.

– Det er ein grunnleggande rett i asylinstituttet at ein skal kunne prøve saka si.

No er han spent på kva juristane vil seie om kor vidt forslaga er innanfor internasjonale avtaler Noreg har underteikna om menneskerettar og flyktningars rettar. Her meiner regjeringa at dei har sitt på det tørre, men forventar debatt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi hadde ikkje lagt fram forslag om vi meinte dei var i strid med internasjonale konvensjonar, men det vil uansett bli ein diskusjon om det fordi dette er tolkingsspørsmål. Det fins ikkje nokon dommar frå den europeiske menneskerettsdomstolen som set nokre rammer for dette, seier Sylvi Listhaug til Dagen.

Justeringar

Ni biskopar sendte inn høyringssvar om asylinnstrammingane. Det gjorde ogsåNorme, ein paraplyorganisasjon for 43 kristne organisasjonar. Listhaug seier at ho har lytta til den breie kritikken som kom i høyringsrunden, og gjort nokre justeringar:

Ei av dei gjeld familiegjenforening. Her går regjeringa ned frå krav om fire års arbeid eller utdanning i Noreg, til tre år. Samtidig kontrar dei med eit nytt krav, som altså Nordhaug er kritisk til:

– Vi vil for flyktningar stille krav om at du kan forsørgje familien din frå første stund, slik er det ikkje i dag, seier Listhaug.

Når det gjeld permanent opphald går regjeringa frå å krevje at ein er sjølvforsørgja i fire år, til 12 månader.

– Men det vil uansett vere veldig strengt, og vi set krav, understrekar statsråden.

KrF misnøgde

Justeringane er ikkje nok for biskopen.

– Det er klart at eit kvart steg i ein meir human retning vil vi frå kristen side ønskje velkommen, fordi det var så restriktivt i utgangspunktet. Men det er framleis grunn til å reise kritiske spørsmål, seier Nordhaug.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristeleg Folkeparti er heller ikkje nøgde.

– Her ser eg ikkje betydelege endringar. Difor reknar eg med at regjeringa har lagt inn eit stort handlingsrom til forhandlingane iStortinget, seierGeir S. Toskedal, innvandringspolitisk talsmann i KrF.

Listhaug er oppteken av å ha strenge reglar på asylfeltet, og trur det vil få gjenklang også i kristne miljø.

– Eg veit at mange kristne miljø er opptekne av nestekjærleik, hjelpe flest mogleg, at vi skal føre ein streng asylpolitikk i Noreg fordi det legg grunnlaget for at vi kan hjelpe i nærområda i enno større grad og bruke meir pengar der.

– Det skal ikkje vere lett å få opphald i Noreg. Skal du ha permanent opphald, meiner eg vi må setje krav, seier Listhaug.

– Er det eit mål at færrast mogleg skal kome til Noreg?

– Det er jo eit mål at færrast mogleg som ikkje har krav på vern skal kome til Noreg og oppta mottaka våre, systema våre og slik sett bidra til at vi brukar pengar på dei som ikkje treng vern, seier statsråden.

Om asylforslaga blir teke opp påKyrkjemøtet denne veka i Trondheim, er usikkert. Det er høve for å fremje sak i starten av møtet eller ta det opp i plenumsdebatten. Nordhaug understrekar at «dette er eit betydeleg stykke juss som er krevjande å handtere på så kort frist».