– Inga motsetning mellom børs og bedehus

– Eg sit i klisteret, men har like fullt mitt fundament i trua. Det gjer at eg søv godt om natta, seier skipsreiar Per Sævik (75).

Den kristne skipsreiaren toppa nyheitene på Vestlandet denne veka då det var kjent at selskapet hans, Havilafjord, blir majoritetseigar i Fjord1, det største fergeselskapet i Noreg. I kristne kretsar er Sævik mest kjent som pengesterk bedehusmann og ivrig haugianar.

Han og kona er aktive på bedehuset på Remøy. Dei er også medlemmer i Frikyrkja på staden. Kjøpet av aksjane i Fjord1 kom i stand etter ein strid om forkjøpsrett med fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane og det er enno ikkje kjent kva prisen er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sævik ser ingen motsetning mellom å drive med børs og bedehus og har i haugiansk ånd bidratt til å skape mange arbeidsplassar langs vestlandskysten. Han veit kva det vil seie å ha medgang og motgang. Dei siste åra har det vore i overkant mykje av det siste.

Nedtur

– Nedturen i oljenæringa har skapt store utfordringar for offshorenæringa. Vi har fem-seks båtar i opplag og langt over 100 sjøfolk som ikkje har jobb i vårt system lenger. Vi har nedbemanna med rundt 300 tilsette i Havyardgruppa. Men om offshore ser vanskeleg ut i dag, er det ei livslov at bak skyene er himmelen alltid blå. Det kan ta tid, men det er heller ikkje sikkert at vi overlever økonomisk, seier han nøkternt.

– Søkjer du Gud om råd før du tar avgjerder som inneber store investeringar?

– Eg trur ikkje at ein får skrive i gullskrift at dette er noko ein skal gjere eller ikkje gjere. Vi er i verda, men vi er ikkje av verda, som Skrifta seier. Selskapet vårt har gjort mange dumme investeringar, i tillegg til at vi har gjort nokre som i ettertid har vist seg å vere brukbare. Det er ikkje slik at fordi ein er kristen, så er ein heva over problema som elles møter oss i denne verda. Det er heller ikkje slik at ein ikkje er under Guds velsigning om det ein held på med skulle gå overende. Ytre forhold kan svinge, men stillinga i Kristus er den same.

Havila, som er namnet på selskapet, er frå 1. Mosebok 2 og tyder: «Gullet i det landet er godt».

Søv godt

Dagens Næringsliv skriv at Havila shipping har ei gjeld på over fem milliardar. Søv du likevel godt om natta?

– No er det jo vår eldste son som er administrerande direktør i rederiet og som har den tyngste børa. Eg tenkjer for min del at den økonomiske situasjonen er vår eiga skuld. Vi, saman med andre offhore-rederi, har bygd altfor mange nye og dyre båtar. Bankane, obligasjonseigarar og aksjonærar sit i eit skjebnefellesskap som vi har gått inn i med opne auge. Men, ja. Eg søv godt om natta.

– Arbeid er ei velsigning

– Du har fylt 75 år og kunne ha levd eit langt rolegare liv. Kvifor held du fram?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg held fram så lenge det er lystbetont, men no er det også ein dyd av nødvendigheit å arbeide hardt ut frå utfordringane i offshore, samtidig som vi håpar å få på plass alle formalitatetar kring Fjord1-avtalen. Eg tilhøyrer ein generasjon som er opplært i at arbeid er ei velsigning, men: Det har vore i meste laget med velsigning dette året. Det skuldast utfordringar i rederiet og førebuing av rettssak mot Sogn og Fjordane fylke. Summen av alt vi har halde på med har vore veldig arbeidskrevjande. Sånn sett kan ein spørje seg kvifor ein held på. Eg har ikkje noko godt svar på det, men sofaen er heller ikkje eit alternativ.

Basis

For Sævik er Bibelen basis for livet.

– Men vi kan ikkje seie at Skrifta er det viktigaste i livet utan at det får konsekvensar. Vi er ikkje berre kristne på søndag mellom 11.00 og 12.00, men 24 timar i døgnet. Det er ute i kvardagen vi lever. Det er der vi møter dei praktiske utfordringane som står i forhold til vedkjenninga. Eg legg ikkje skjul på at det er eit betydeleg misforhold til tider. Eg framstiller ikkje meg sjølv som ein vellukka kristen.

I oktober skal den lokale Haugekomitéen der Sævik er leiar arrangere seminar for sjuande gong. Han trur ikkje vi er sett inn i denne verda for å unngå å ha «mold på fingrer og føter».

– Vi har eit oppdrag som forvaltarar. Så er det ein gong slik at det er ein viss risiko ved å drive forretning. Det kan gå bra og mindre bra. Då er det viktig at fundamentet i livet er stabilt.

Medgang og motgang

Sævik har vore i offshorebransjen sidan 1980. På midten av 80-talet opplevde selskapet ein krise, men på langt nær så stor som den dei står oppi no.

– Kva betyr trua i tider med medgang og motgang?

– Trua betyr at du ikkje tar av når ting går veldig bra og at du har eit rimeleg godt fotfeste når ting ser vanskeleg ut, slik det er i offshore i dag. Med andre ord tek ein det meste med fatning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kva er din største ambisjon som kristen og forretningsmann?

– Det er å opptre på ein slik måte at ein møter folk på same måte; om dei er på veg opp eller ned. Med andre ord handlar det om å opptre ryddig og å vere eit medmenneske i kvardagen. Det kan vere utfordrande i ein stressa situasjon, seier han.