I dag er det 100 år sidan Arthur Berg vart fødd

Arthur Bergs lynkvasse intelligens og heftige engasjementet i kyrkje og samfunn gjorde dei 30 redaktør-åra hans 
i Dagen legendariske.

Arthur Berg vart født den 8. april 1916 på garden Berg like ved Berg gamle kyrkje i Brunlanes iVestfold. Som ungdom tok han middelskuleeksamen som privatist etter berre eit års skulegang. Deretter tok han også eksamen artium som privatist like snøgt.

LES:"Skuldi er mi"

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Valde teologi

Som student vendte Arthur Berg seg fyrst til faget filologi. Heile livet var han ein framifrå filolog og språkmann. Klassiske språka som latin, gresk og hebraisk meistra han med framifrå kompetanse. Og moderne språk som tysk, fransk, engelsk, samisk, islandsk og færøyisk – og sikkert mange fleire – las han ogso flittig. Med utgangspunkt i bondemålet på Brunlanes vart han alt som 10-12-åring medviten nynorskmann.

Som student skifte han på eit tidspunkt fag og tok til å studera teologi. Helst ville han visst ha teke embedseksamen etter berre tre semesters studier. Men dét gav Menighetsfakultetet han ikkje lov til.

LES:Dagens viktigste dager

Tok befalskulen

I protest mot pasifismen påMF på 1930-talet braut han brått av teologistudiet og meldte seg ved befalskulen. Slik vart han ferdig utdanna befal akkurat dagen før krigen braut ut i 1940. Den fyrste krigsmorgonen fekk han til oppgåve å evakuera kommandantens kontor iKristiansand. Det heldt han på med heilt til han høyrde tramping av tyske soldat-støvlar i hovudtrappa. Då evakuerte han ned gjennom baktrappa.

Då kampene lenger oppe i Setesdalen tok slutt, dro han til Bergen for å hjelp soldatane som enno kjempa vedBergen ogVoss. Men før han nådde fram, var nederlaget eit faktum ogso der.

Berga norske jødar

Etter kapitulasjonen fullførte Arthur Berg i 1941 teologisk embedseksamen ved Menighetsfakultetet. Tidleg engasjerte han seg i illegalt arbeid. I 1942 arbeide han saman med Per Faye Hansen og Hans Chr Mamen med å berga norske jødar over til Sverige. Omlag 25 jødiske liv greide dei tre å berga, før transportskipet Donau seinhaustes 1942 tok dei fleste andre til dødsleirane.

I 1943 laut Berg sjølv røma til Sverige. Han var då forlova med Eva Gregersen. I Sverige gifta dei seg. Arthur Berg vart offiser i dei norske politistyrkane i Sverige. Dei trengte ogso feltprestar, og Arthur Berg vart difor ordinert til prest i 1944. Før ordinasjonen tok han ut atterhald mot reglane om at feltprestar ikkje hadde lov til å vera stridande offiserar og bera våpen. Den norske regjeringa i London innvilga han då fritak frå denne regelen ved ein eigen kongeleg resolusjon. Under heile det norske felttoget i Finmark i 1944 og 1945 var han soleis kombinert feltprest og stridande feltoffiser.

Ville ta doktorgraden

Ogso i etterkrigsåra var Arthur Berg feltprest ved brigaden i Nord-Noreg. Samstundes studerte han på fritida Melanchthons teologi med sikte på å ta den teologiske doktorgraden. Berg fullførte grunnarbeidet til ein Melanchthon-studie. Men so vart kona hans, Eva, mykje sjuk. Til sist laut han leggja desse planane heilt til sides.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eva Berg døydde i 1967. I 1970 gifte han seg med Marie Wilhelmsen. Ho døyde i 1989.

Frå 1949 til 1954 arbeide Arthur Berg som forkynnar og redaktør i Samemisjonen. I eit år var han lærar ved Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug. Og i 1955 vart han redaktør i Dagen. I dei 30 redaktør-åra vart han landskjent for det sterke engasjementet sitt i både kyrkjelege og samfunnsmessige spursmål.

Kristendomsforsvar og skriftsyn

I norsk kristenliv var han mellom anna sterkt engasjert i slike ting som kristendomsforsvar, skriftsynsdebatt og kyrkjedebatt. Med stor kraft forsvarte han det reformatoriske skriftprinsippet som eksklusivt teologisk erkjenningsprinsipp.

I ti år arbeidde han ogso saman med Carl Fr. Wisløff og Thoralf Gilbrant med å omsetja Bibelen til eit moderne norsk som samstundes svarte til den gamle norske bibeltradisjonens ideal. Resultatet kom ut på bokmål i 1988 og har namnet Norsk Bibel. Nynorsk-utgåva kom i 1994.

Nei til EEC

I norsk samfunnsdebatt var Arthur Berg særleg kjent for engasjementet sitt i striden om EEC, men ogso for forsvaret for Israel og kampen mot jødehatet. Kjærleiken til den norske sjølvråderetten, til Grunnlova og til folkestyret var grunnmotiv i engasjementet hans. Og i forsvaret for Israel og jødedommen var både bibelske og sosialetisk reflekterte motiv utslagsgjevande.

I breide krinsar opplevde folk Arthur Berg igjen og igjen som ein intenst engasjert debattant. Mange vart deretter forunderleg positivt overaska over kor raus og full av respekt for andres overtyding han alltid var. På den andre sida var det eit anna slag menneske som helst møtte kvasse ord frå han. Det var opportunistane, pragmatikarane, dei som snur kappa etter vinden og som kanhende jamvel briskar seg av prinsippløyse.

Arthur Bergs portrett er elles fullt av trekk som speglar sjeldsynt høge personlege ideal, herleg humor, sterk vilje, rådsnar tanke og skarpsynt evne til å skjera igjennom.